Dagens bibelord

Ordtaka 15,13–17

Dagens bibelord 14.02.2026

Ordtaka 15,13–17

13  Glede i hjartet gjer andletet venleg,
sorg i hjartet gjer motlaus.

14  Eit klokt hjarte søkjer kunnskap,
men dårens munn lever av dårskap.

15  For ein fattig er alle dagar vonde,
den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.

16  Betre å ha lite og frykta Herren
enn å ha stor rikdom med uro attåt.

17  Betre er ein grønsakrett med kjærleik
enn oksesteik med hat attåt.

Kilde: www.bibel.no