Tweens skal vera ein kjekk møteplass for 5.-7.-klassingar i kyrkja. Det blir andakt, ulike aktivitetar, konkurransar og kiosk.
Pris: 50 kr. totalt for alle dagane. Vipps til 583498. Borna kan ha med seg 20 kr. (evt. bruke vipps ved henting) til kiosken kvar gong.
Datoar hausten 2026
Ålvik kyrkje fredagar: 5. - 7. trinn: 18. september og 2. oktober kl. 16.00 - 17.30
Øystese kyrkje to søndagar og èin laurdag: 15. november, 22. november og 28. november kl. 18.00 - 19.30. OBS! Den siste samlinga er flytta frå 29. nov. til laurdag 28. nov. pga. julegrantenning i Øystese.
Norheimsund kyrkje fredagar: 20. november, 27. november og 4. desember kl. 18.00 - 19.30
Det er mogleg å melde seg på sjølv om du ikkje kan vera med alle dagane.
Meld deg på til den kyrkja du høyrer til. Om det passar betre å koma i ei anna kyrkje er det mogleg. Opplegget er likt i alle kyrkjene.
Det vert Tweens i Strandebarm neste år.
Fint om de melder dykk på innan 13. nov. til Øystese og innan 18. nov. til Norheimsund.
Me gler oss til å sjå dykk! :)
