Alle born under skulealder i fylgje med vaksen er velkomne! Me har fast songstund kl. 10.15. Etterpå leikar me og et lunsj i lag.
Hausten 2026 treng me nokon som kan ta seg av nokre enkle, praktiske oppgåver: leggje ut matter til samling, koke kaffe og rydde opp. Kan det vera noko for deg? Kyrkjeverje/organist har ansvar for songstund med borna.
Tid: kl. 10.00 - 12.00, annan kvar onsdag. Datoar for hausten er ikkje satt.
Stad: Norheimsund kyrkje. Tilbodet er for alle i Kvam.
Tilbodet er gratis og har inga påmelding.
Ta med niste! Kaffe og te vert servert i kyrkja.
Velkomen!
