Alle 4-åringar i Kvam kan få 4-årsbok (barnebibel) i si lokale kyrkje. Påmelding nederst!
4-åringane med fylgje av ein vaksen vert òg inviterte til ei før-samling i kyrkja nokre dagar før gudstenesta. Der får dei bli kjent med kyrkja si og nokre av oss som jobbar der.
4-åringane som er døypte får brev i posten, men alle i rett alder er hjarteleg velkomne!
Program før-samling: syngja, høyra bibelforteljing, leika og få noko godt å ete.
I Ålvik vert 1. klassingane inviterte saman med 4-åringane til før-samling og gudsteneste.
Datoar hausten 2026
Strandebarm kyrkje:
Før-samling: ein ettermiddag same veke som utdelinga. Dato kjem etterkvart.
Gudsteneste med utdeling av bok: søndag 13. september kl. 17.00
Ålvik kyrkje:
Før-samling: ein ettermiddag same veke som utdelinga. Dato kjem etterkvart.
Gudsteneste med utdeling av bok: søndag 6. september kl. 17.00
Norheimsund kyrkje:
Før-samling: ein ettermiddag same veke som utdelinga. Dato kjem etterkvart.
Gudsteneste med utdeling av bok: søndag 18. oktober kl. 11.00
Øystese kyrkje:
Før-samling: ein ettermiddag same veke som utdelinga. Dato kjem etterkvart.
Gudsteneste med bokutdeling: søndag 27. september kl. 17.00
PÅMELDING TIL 4-ÅRSBOK 2026 OPNAR SNART HER
Hjarteleg velkomen! Me gler oss til å sjå deg!
