100% stilling som organist / kyrkjemusikar i Høyanger

Vi har ledig inntil 100% stilling som organist / kyrkjemusikar i Høyanger

100% stilling som organist / kyrkjemusikar i Høyanger

 

Organist/ kyrkjemusikar

 

 

Vi har ledig inntil 100% stilling som organist / kyrkjemusikar i Høyanger:

Høyanger kommune med ca 4.000 innbyggjarar har eit variert næringsliv med kraftproduksjon, aluminiumsindustri, oppdrett, handel og service, entreprenørskap og jordbruk som dei viktigaste næringane. Kommunen ligg i Vestland fylke nord for Bergen, på begge sider av Sognefjorden. Reisetida frå Bergen er ca. 3 timar med bil eller båt. Næraste flyplass er Førde lufthamn, ca. 45 minutt med bil frå Høyanger. Kommunesenteret er Høyanger og andre bygdelag er Lavik, Vadheim, Kyrkjebø, Bjordal og Ortnevik. Kommunen har i alt 6 barnehagar og 5 skular, 3 av dei har ungdomstrinn. Her er også ein vidaregåande skule.

Det er gudstenester og andre kyrkjeleg handlingar i 5 kyrkjer, eit bedehuskapell og 8 gravplassar i bruk i kommunen. Her er i alt 4 sokneråd og to prestestillingar.

Kyrkjekontoret ligg i Høyanger samfunnshus. Her har prest, diakon, organist, kyrkjelydsarbeidar, sekretær og kyrkjeverje sin arbeidsfellesskap. I tillegg er det i sokna tilsett kyrkjetenarar og klokkarar i ulike stillingsstorleikar. Totalt utgjer dei tilsette i fellesrådet 5,5 årsverk pr. i dag.

Kyrkja skal vere ein møteplass for alle, og ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn, prega av nærleik, omsorg, identitet og kultur og ein stad der menneske kjenner at dei høyrer til og vert utfordra til tru og teneste.

Arbeidsgjevar er Høyanger kyrkjelege fellesråd.

 

Søknadsfrist: 10.05.2024
Arbeidsgivar: Høyanger Kyrkjelege fellesråd
Stad: HØYANGER
Stillingstittel: Organist/ kyrkjemusikar
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4787815671

 

Vi søker no ein engasjert, strukturert og kreativ kollega som kan:

  • Ta det faglege og musikalske ansvar ved gudstenester og seremoniar (gravferd, bisettingar og vigsler)
  • Spele på andakter på sjukeheimar og ved andre arrangement i kyrkjelydane
  • Vidareføre og utvikle tilbodet med kulturarrangement i kyrkja i samarbeid med stab, frivillige og eksterne aktørar
  • Bidra til fornying av gudsteneste- og kyrkjelydsarbeid i samarbeid med prest, andre tilsette, sokneråd og utval
  • Medverke på trusopplæringstiltak og kor-arbeid for barn og ungdom
  • Ha eit godt samarbeid med lokale musikalske krefter og miljø
  • Ha medansvar for tilsyn og vedlikehald av instrumenta i kyrkjene (orgel og piano)
  • Ta ansvar for prosjektkor for vaksne, forsongargrupper
  • Utarbeide kyrkjemusikalsk plan

 

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Relevant kyrkjemusikalsk utdanning og arbeidserfaring
  • Allsidige orgel- og pianoferdigheiter, gjerne også andre instrument
  • Kjennskap til norsk gudstenestetradisjon og liturgi
  • Kompetanse og erfaring med kor og musikalsk arbeid for barn og unge

 

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Lagbyggar som skaper relasjonar – internt og eksternt
  • Likar å arbeide målretta og systematisk
  • Er fleksibel og møter utfordringar konstruktivt

 

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde
  • Pensjonsordning i KLP

 

Marcus Thranesgate 3, 6993 HØYANGER, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Sturla Bell Fossen
Leiar i fellesrådet
 Telefon:994 94 745

Andreas Ester
Sokneprest
 Telefon:452 21 737

Stig Jonny Fitje
Kyrkjeverje
 Telefon:+47 91763803

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Åpningstider resepsjon:
Tirsdag- Torsdag
kl. 09.00-14.00 

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Mob: 404 58 649

Telefontider:
Tirsdag-torsdag
kl. 09.00-14.00

Ansvarlig redaktør:
Stig Jonny Fitje

Digital redaktør:

M Ali Kharrat

Profilbildar:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"