Olsen & Jørgensen-orgelet frå 1911

Denne artikkelen tek føre seg det første orgelet i Vigra kyrkje og dei som var tilsette som organistar den tida orgelet var i bruk og er skriven av Olav Sindre Roald.

Olsen & Jørgensen-orgelet frå 1911

Vigra kyrkje vart innvigd i 1894.  Ein finn ikkje opplysningar som tyder på at orgel har vore i bruk i kyrkja frå starten av.  Salmane vart framførde a capella dei første åra, litt seinare med tonefylje frå blåseinstrument under leiing av Sevrin J. Rørvik  (S. Jack. 1879-1956).  Han var ei eldsjel innan musikklivet på Vigra, starta Roald musikklag i 1905 og fekk kongens fortenestemedalje for dette arbeidet.

Vigra gjekk ut av Haram kommune 1. januar 1890, like før kyrkja vart bygd.  Fram til 1917 vart kommunen nemnd som Roald herred, seinare Vigra (til 1964).

Ein kan følgje saksgangen frå tida før orgelet kom på plass gjennom protokollar frå Roald herredsstyre.  I dette herredsstyret sat 12 av bygda sine ”beste” menn.  Ole Nilsen Blindheim frå Jakobgarden var ordførar frå 1902 til 1919.

Protokoll frå Roald herresstyre frå perioden 1907-19 føreligg på internett.  Dette som ein del av SEDAK sitt ”1914-prosjekt”.  Alle møtebøkene i fylket der året 1914 er med, er scanna og presentert på nett.  SEnter for Digitalisering  Av Kulturarven har også digitalisert ”Vigra-slekter gjennom 500 år”.

Slik var opptakta til Olsen & Jørgensen i kyrkja:

Roald Herredsstyre 8. september 1909  sak nr, 5. ”Ref. m. henstilling frå kirketilsynet om anskaffelse av et tidsmæssigt orgel i Vigra kyrkje. I den anledning foreslår kirketilsynet anvendt av kirkens midler kr. 2.500,-  Det øvrige av orgelets kostende måtte i tilfælde udredes av herredskassen”

Beslutning: ” Til at forberede sagen deriblant innhente oplysning hvad et tidsmæsigt orgel vil koste valgtes en komite.  Valget blev: Elias N. Blindheim, Jakob J. Molnes, A.G. Sønderland og S. Røsvik.  Komiteen har snarest mulig at søge sagkyndig assistanse og forøvrigt søge spørsmålet utredet til forelæg for herredsstyret”

Roald Herredsstyre 16.desember 1909. sak nr. 11. ” Behandlede den frå møte den 8. sept d.å. utsatte sag angånde anskafelse av orgel i Vigra kyrkje.  De for anledninga valgte komite mødte og redegjorde for sine underhandlinger.  3 anbud på bygning av orgel var indkomne nemlig frå Olsen & Jørgensen Kristiania, Brødr. Torkildsen Trondhjem og Ludv. Vestre Haram.

Komiteen anmodes om at indhendte nærmere oplysninger angående forskjell med hensyn til råd eller indspel påregnet anvendighet med de forskjellige anbud før end saken kommer til avgjørelse. Saken utsættes indtil videre”

Roald Herredsstyre 13. januar 1910  sak nr.5  ”Behandledes den frå forige møte utsatte sak no.11 angående anskaffelse av orgel i Vigra kyrkje.  Komiteen mødte og fremla uttalelse frå forskjellige fagmænd.  Efter mange overveielser optages ?  kom til votering angående orgelbygger.  Mot 2 stemmer antages orgelfabrikant Olsen & Jørgensen. Kr.5125,- Orgelkomiteen bemyndiges til at kontrahere orgelet og på kommunens vegne at underskrive kontragt og snarest antage prøvespiller.”

Sak 6. ”Til bestridelse av utgiftene til anskaffelse av orgel i Vigra kyrkje havde kirketilsynet bragt i forslag anvende kr.3000,- av kirkekassen.

Beslutning:  ” Kirketilsynets forslag enstem. vedtaget. Likeledes besluttedes enstem. at anvende det i Harams sparebank opsparede orgelfond ca. kr.1100,- Hvad  der forøvrigt tiltrenger lånes i Harams sparebank”

Mellom dei  fire menn som vart valde til å innhente opplysningar og pris på det nye orgelet var Elias N. Blindheim (Meieri- Eljas), Jakob J. Molnes (Johans) , skulelærar Salomon Røsvik frå Roaldskulen og  Andreas Sønderland som var lærar på Solbakken skule.

Salomon hadde lærar- og klokkarstilling frå 1897.  Andreas fekk tilsetting som lærar og organist  på nyåret 1893.   Dette var lenge før orgelet vart innkjøpt.  Om organisten ikkje kunne spele, fekk han lære seg det innan eit år. Frå skuleprotokollen 8.febr.1892 : ”Den ansatte lærer forpligtes til for en passende godtgjørelse at spile orgel om saadant bliver anskaffet i den paatengte nye kyrkje hver søn- og helligdag der holdes gudstjeneste paa Vigerø, samt at overtage undervisninga i sløid.  Skulle den ansatte mangle fornøden færdigghet i orgelspill maa han inden et aars frist forskaffe seg same, viss han vil forblive i posten.  Mulig omregulering av posten forbeholdes.”

Sak om tilsetting av organist kom opp i Roald herredsstyre 28.mai 1910.  Ordførar Blindheim si røyst avgjorde etter at 6 stemte for og like mange mot kirketilsynet si innstilling ( ingen opplysning om kven som var kirketilsynest sin kandidat).

26.september 1910 kom saka om tilsetting av organist på ny opp i herredsstyret.  Dette grunna i formannskapslova §38 (fleirtalsval). Denne gongen vart  Andreas Sønderland  vald av eit samla herredsstyre. Dermed vart han den første organisten i Vigra kyrkje.  Denne stillinga hadde han til han døydde 57 år gamal i 1921. Karl I.Roald (Alet) vart tilsett og var organist i 14 år til sonen Olaf tok over i 1935. ”Vigra-slekter gjennom 500 år” fortel at Karl fekk sitt første orgel som 16 åring, det var i 1896.  Dette orgelet framførde salmespel av to organistar i Solbakkgarden i eit par mannsaldrar.  Kanskje er det det same Vestre-orgelet som den dag i dag står i garden. Olav Karlsen Roald vart organist i nesten 40 år, til like før nyeorgelet kom.Per Roald

Far min Per Roald var organist siste året til Olsen & Jørgensen i Vigra kyrkje.  Før det var han i Valderøy kyrkje frå den var bygd i 1961.

Andreas Sønderland lærte nok litt tangentspel på lærarskule, men organistopplæringa var nok eitmindre prioritert fag.  Far og son, Karl og Olav Roald lærte orgelspel av ein omreisande bergenser som tidvis gav undervisning på bygdene her i traktene.

Per Roald var den første organisten på Vigra med eksamen frå musikkonservatoriet ( i 1959) og samstundes den siste organisten med deltidsabeid i stillinga.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"