Borgarleg inngått ekteskap

Nokre vel å inngå ekteskap borgarleg av ulike grunner. Då har ein mogelegheit til å ha ein seremoni i kyrkja, der ein får forbøn og vert velsigna.

Liturgien "Forbøn for borgarleg inngått ekteskap" er ei handling der ein i kyrkja ber for noko som har skjedd utanfor kyrkja. Ein måte presten kan helse ekteparet på, lyder slik:

For offentleg styremakt har de lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap. Dette løftet tyder at de skal vera eitt og halda trufast saman i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt. Slik de ønskjer det, vil vi i dag be for dykk og stilla ekteskapet dykkar og heimen dykkar inn under Guds velsigning.

Under handlinga er det rom for medverknad av ulike slag. Det kan vere medverknad frå festfølgjet ved somme av dei liturgiske ledda, og det kan vere tillegg til handlinga i form av musikk eller høgtlesing, eventuelt kombinert med at det blir tent lys i lysgloben. Blant dei kulturelle innslaga kan det også opnast for element som understrekar ekteparet sin etniske bakgrunn. Der den eine parten tilhøyrer ei anna kyrkje enn Den norske kyrkja, kan det etter godkjenning av biskopen opnast for deltaking frå dette kyrkjesamfunnet.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"