Konfirmasjon i Fusa
Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vita meir om seg sjølve, om kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

I Fusa sokn har me eit konfirmantopplegg som går frå starten av september eitt år og ender med konfirmasjon i mai året etter. Me ynskjer å gje deg som er konfirmant ei god og trygg oppleving gjennom året, der du kan få sjå meir av kven Gud er.
Konfirmantåret inneheld konfirmantleirar og -turar, undervising i di lokale kyrkje, felles undervisingstimar på Eikelandsosen bedehus, smågrupper, innsamlingsaksjonar, og mykje spanande samvere. Dersom du vil vita meir om konfirmantåret som kjem, ta ein kikk på lenkjene under!
Artikkelsnarveger
Sitat
Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»
Evangeliet etter Matteus, kapittel 4, vers 19