Å vera fadder

Fadderansvaret handlar om å visa omsorg for barnet, og bidra i barnet si trusopplæring. Det er foreldra til barnet som spør nokon om å vere fadder, og det er eit ærefullt ansvar å bli spurt.

Fadrane skal vera vitner om at barnet er døypt med ein kristen dåp. For mange inneber det òg å be for barnet, å læra barnet å be, og å gje barnet kjennskap til sentrale bibelforteljingar.

Kvart barn som vert døypt, skal ha minst to fadrar. Fadrane må vera minst i konfirmasjonsalder, og vera medlem av Den norske kyrkja, eller eit anna tilsvarande kyrkjesamfunn. Foreldra kan ikkje vere fadrar. Fadrane vert ført inn i kyrkjebøkene.

Minst to av fadrane må vera til stades ved dåpshandlinga.  

Å vera fadder fører ikkje til sivilrettsleg plikt, som til dømes å skulla overta omsorgsansvar for barnet viss foreldra døyr.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"