Stilling ledig: Kyrkjeverje i 100 %

Vi har frå sommaren 2023 ledig stilling som kyrkjeverje i 100%. Vi søkjer ein person som har evne og vilje til å setje seg inn i det mangfaldige arbeidet som ligg til kyrkjeverjestillinga i ein liten stab. Som kyrkjeverje er du ein nøkkelperson i utviklinga av Den norske kyrkja i lokalsamfunnet, i godt samarbeid med dei tilsette, soknerådet og kommunen. I kommunen er det eitt sokn.

Dale kyrkje i Fjaler

Fjaler kommune ligg ved Dalsfjorden, har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen i Vestland fylke. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, gode skular og andre offentlege tilbod. Sjå Fjaler kommune si heimeside.
United World College, Jakob Sande-senteret og Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen tilfører oss både nasjonale og internasjonale impulsar, og gjer fjalerfolk trygge på å ta imot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord og fjell.

Kommunen har ein flott og variert natur, med gode tilhøve for friluftsliv både på fjord og fjell. Eiga lysløype og kort veg til lysløypa på Bringeland. Næraste flyplass er Førde lufthamn Bringeland, 30 minutt med bil frå Dale. Næraste byen er Førde, 45 min frå Dale. Sør til Bergen tek det 3,5 timar med bil inkl. ferje over Sognefjorden. Til Bergen kan ein også ta hurtigbåt frå Askvoll og Rysjedalsvika.

Fjaler sokn har kontor i Dalehuset ved Dale kyrkje. Her finn ein kyrkjeverje, prest, kantor og sekretær. Vi har to kyrkjer som er viktige kulturbygg i kommunen, samt nokre fleire gudstenestestader. I kommunen er det fire gravplassar.

 
Arbeidsoppgåver:
  • Dagleg leiar for soknet si verksemd – øvste administrative leiar
  • Arbeidsgjevaransvar og personalleiing for dei tilsette i soknet
  • Sekretær for sokneråd og utval med ansvar for planarbeid, saksutgreiing og oppfølging av saker
  • Kan måtte steppe inn med praktiske gjeremål ute i «feltet»
  • Oppretthalde eit godt samarbeid med prost, kommune og andre samarbeidspartnarar
Ansvar for:
  • kyrkjekontor, utstyr, programvare, arkiv
  • HMT-arbeid
  • økonomi, budsjett, tilvising, rekneskap, årsrapport
  • drift og vedlikehald av kyrkjebygg og kyrkjegardar/gravplassar
  • gravplassforvaltninga i kommunen
Ønska bakgrunn og erfaring:
  • Kunnskap om Den norske kyrkja som organisasjon
  • Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå gjerne med administrasjon, økonomi og leiing i fagkrinsen. Leiarerfaring og annan realkompetanse kan eventuelt kompensere for manglande formell utdanning
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode IKT-kunnskapar
  • God kjennskap til offentleg forvaltning
  • Erfaring med økonomiarbeid
  • Erfaring som leiar med personalansvar
  • Erfaring innan organisasjonsutvikling
Personlege eigenskapar:
  • God innsikt, interesse og engasjement for kyrkja sin plass og verdi i lokalsamfunnet
  • Oppteken av nyskaping, utviklingsarbeid, og inkludering av friviljuge
  • Engasjert, fleksibel, strukturert og resultatorientert
  • Gode leiareigenskapar
  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Lagbyggar som skaper relasjonar - internt og eksternt
  • Kunne møte utfordringar
Vi tilbyr:
  • Ei interessant og utfordrande leiarstilling
  • Eit erfarent og godt kollegium på kyrkjekontoret
  • Kollegafellesskap med andre kyrkjeverjer i prostiet og i bispedømet
  • Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning og forsikring i KLP
  • Arbeidsrettleiing og kurs for kyrkjeverjer
Anna:
Kyrkjeverja må:
  • vere medlem i Den norske kyrkja
  • ha førarkort klasse B og bør disponere eigen bil
  • pårekna noko møteverksemd på ettermiddags-/kveldstid, og
  • kunne legge fram politiattest av nyare dato.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"