Soknemøte i Dale kyrkje 22.01.2023 i forlenging av gudstenesta kl. 11:00

Tal medlemer i Fjaler sokneråd.   Fjaler sokneråd vurderte på sitt møte 22.11.2022 tal medlemer i soknerådet. Rådet diskuterte om ein skulle fortsetje med 8 medlemer eller redusere til 6 medlemer.

Dale kyrkje

Etter ein diskusjon bestemte soknerådet samrøystes at ein ønskjer å redusere talet på faste medlemer frå 8 til 6, med verknad frå konstituert nytt sokneråd 1. november 2023.

Det er soknemøtet som gjer vedtak, før valet blir kunngjort.

Sjå  https://kirken.no/fjaler/

Lovverk:

Lov om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven) (LOV-2020-04-24-3) Kapittel 3, Den norske kirke. (Heimel §§ 11, 12, 15 og 17)

Kirkeordning for Den norske kirke  (FOR-2019-03-30-2307) Barne- og familiedepartementet

  • 9.Menighetsrådets sammensetning

Menighetsrådet består av soknepresten og – etter menighetsmøtets bestemmelse – fire, seks, åtte eller ti andre medlemmer og et antall varamedlemmer som velges ved flertalls- eller forholdsvalg for fire år etter regler fastsatt av Kirkemøtet.

Endring av tallet på de medlemmer som skal velges, må være vedtatt i menighetsmøtet før valget kunngjøres.

Saksutgreiing

Sidan samanslåinga av dei to sokna i Fjaler, Dale og Guddal sokn 1.1.2006, har Fjaler sokneråd talt 8 medlemer. Det vart då lagt vekt på at alle distrikta vart godt representert i rådet.

Ved førre soknerådsval erfarte ein at det, for første gang, var vanskeleg å få mange nok namn på vallista til soknerådet. Ved 8 faste leke medlemer i rådet, skal det vere minst 5 varamedlemer.

Ein opplevde at kandidatar som først hadde sagt ja til å stå på vallista, seinare ønskte å trekke seg. Fjaler sokneråd har i dag berre to varamedlemer.  

Ved 6 faste medlemer i rådet skal det òg vere 5 varamedlemer.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"