Ljosheimbasar 2022

Ljosheimbasaren blir laurdag 12. februar kl.15.00. Etter at det ikkje blei basar i 2021, kjem vi no sterkt tilbake. No satsar vi på at Ljosheimbasaren blir fast andre laurdagen i februar kvart år. Det blir god, gamaldags basar med mange fine gevinstar og mange gode kaker til kaffien!

Ljosheimbasar 2022
Ljosheimbasaren har i fleire år samla fullt hus men i 2021 måtte vi avlyse pga korona. Laurdag 12. februar 2022 blir det igjen basar på Ljosheim. Det er vi svært takksame for då inntekta frå basaren er viktig for drifta av kyrkjelydshuset vårt.
 
Basaren er kjend for mykje fint handarbeid, og Marie Skadal har lenge vore i full gang med «produksjonen». Bildet syner ein del av handarbeida hennar til ein tidlegare basar.
 
Vi tek gjerne imot gevinstar til utlodding. Mange er flinke til å bidra med gevinstar, og alt no kan du levere basar-gevinstar på kyrkjekontoret.
 
Vi er takksame for all støtte, både praktisk og økonomisk for å ta vare på Ljosheim. Eit hus som betyr mykje for kyrkjelyden og for heile bygda. No er snart handikaptoalett i hovudetasjen ferdigstillte, til glede for mange.
 
Takk for at du vil støtte opp om Ljosheimbasaren 12. februar!

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"