Kyrkja har 135 sitjeplassar og er såleis ei av dei minste kyrkjene i Sunnfjord.
Dei seinaste åra har kyrkja fått nytt orgel og nye vegglampar.
Guddal kyrkje
Guddal kyrkje er ei langkyrkje av tre og alderen er å rekne frå 1870. Dette trass i at delar av kyrkja er mykje eldre. Dette er den tredje kyrkja som vi kjenner til på denne staden - garden Engja. I 1870 føregjekk det det ei så stor ombygging av Guddal kyrkje at ho framsto som ny. Då var gamlekyrkja skøytt på i lengda og påbygd i høgda, og kyrkja fekk ny kledning. Under denne påbygginga vart dei rosemåla tømmerveggane så skadd at kyrkja også måtte få ny panel innvendig. Til 100-års jubileet i 1970 vart den ytterlegare oppussa innvendig og fekk nye benkar, nytt golv og nytt panel, og det var også då kyrkja fekk elektrisk oppvarming men elektrisk lys vart installert i 1955 då elektrisiteten kom til Guddal.
