Gravminne og plantefelt

Fjaler sokneråd v/kyrkjeverje formidlar oppussing av skrifta og påføring/innhogging av nye namn på gravminne. Ta kontakt med kyrkjeverja.

Gravminne og plantefelt

Oppussing og innhogging av namn på gravminne

"Skrifta på gravminnet må vere godt leseleg." (§6)

Fjaler sokneråd v/kyrkjeverje formidlar oppussing av skrifta og påføring/innhogging av nye namn på gravminne. Ta kontakt med kyrkjeverje og på denne måten er du med å støtte den lokale kyrkja.

Storleiken på plantefelt framfor gravminne
På einskilde graver så "stikk" plantefeltet for langt fram. Dette er ei ulempe når ein slår på kyrkjegarden, og når ein ryddar snø i samband med gravferder. Bedkantar som stikk for langt fram kan bli kutta utan nærare varsel.

§6. Plantefelt (Kyrkjegardsvedtektene)
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Plantefeltet må ikkje vere breiare enn lengda på sokkelen til gravminnet, men kan på små gravminne likevel vere opp til 60 cm breitt. Det må ikkje stikke lenger fram enn 70 cm, målt frå bakkanten av sokkelen. Det må ikkje plantast vokstrar som skyggjer for det som står skreve på gravminnet, overstige gravminnet si høgd eller går ut over plantefeltet. Det er ikkje høve til å plante vokstrar på utsida av plantefeltet eller på baksida av gravminnet. Skrifta på gravminnet må vere godt leseleg.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

Borttaking av plantefelt
Dersom plantefeltet på ei grav ikkje vert stelt, vil bedkantane som omkransar plantefelt verte tekne bort utan nærare varsel og plantefeltet sådd til. Jamfør § 8 Stell av grav i Kyrkjegardsvedtektene

Ein kvar ansvarleg for fri grav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava / gravstaden som vedkomande har ansvaret for etter dei reglar som gjeld. (jfr.§19 i lova)

Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt må såast til med plenfrø av den ansvarlege. Dette kan kyrkjegarden sine folk likevel gjere utan nærare varsel.

Det kan ikkje plantast på festa graver som ikkje er tekne i bruk.

Rydding på gravstasen etter gravferda
"Etter ei gravferd syter den ansvarlege for grava eller festar for at visne kransar og liknande vert fjerna frå grava i rimeleg tid etter gravferda har funne stad." § 7 Kyrkjegardsvedtektene

Kykjegardsarbeidaren syter for at grava vert sådd til.

Oppsetjing av gravminne

§5 Montering av gravminne kan først skje etter at kyrkjeverja har anvist plass og kontrollert gravminnet, og tidlegast 6 månader etter gravlegging av kiste. (Kyrkjeg.vedt)

§25 Godkjenning. Kirkelig fellesråd skal godkjenne gravminne og fundament før det settes opp på kirkegården. Gravminne skal monteres på anvist plass.(Forskrifter til GL)

Vi opplever stadig at eit gravminne vert sett opp på kyrkjegarden utan at vi veit kven som har sett det opp. Ver merksam på at kyrkjeverja alltid skal ha melding før eit gravminne vert sett opp på kyrkjegarden. Dette er den som er ansvarleg for grava sitt ansvar, sjølv om det er andre som set opp minnet for vedkomande. Retningsliner for korleis minnet skal fundamenterast får ein på kyrkjekontoret. Ver elles merksam på at den som er ansvarleg for grava / den som set opp gravminnet, er ansvarleg for at trekrossen med namn på avdøde vert fjerna og ikkje ligg og sleng på kyrkjegarden.

Ikkje alle gravminna som du finn i katalogane kan setjast opp på kyrkjegardane i Fjaler kommune
Det er diverre slik at ikkje alle gravminna som ein finn i katalogar frå firma som sel gravminne, er godkjende for å sette opp på kyrkjegarden. I katalogane finn ein også fundament til gravminne der sokkelen og planteplata er i eitt stykke. Dette er heller ikkje i samsvar med føreskriftene.

Det er ikkje høve til å montere gravminne med glasplate slik som synt på bildet under. På dette gravminnet er det fastmontert glasplate både på framsida og baksida av gravminnet. Innafor glasplatene er det holrom i steinen for å plassere stearinlys.

Slike glassplater er ikkje lov

 

Føreskrifta til gravferdslova:

§22 Kvalitet "Til gravminne og fast tilbehør kan bare anvendes materialer som er bestandige og lite vedlikeholdskrevende. De skal tåle de påkjenninger det utsettes for av klimaet og ved vanlig drift og vedlikehold av kirkegården."

§"25 Godkjenning " "Kirkelig fellesråd skal godkjenne gravminne og fundament før det settes opp på kirkegården. Gravminnet skal monteres på anvist plass."

Er du i tvil om gravminnet og planteplata du ønskjer å montere er i samsvar med føreskrifta og lokale kyrkjegardsvedtekter, så ta kontakt med kyrkjeverja.

Lykter skal vere festa på gravminnet med festebrakett/hurtigkopling, og lykta skal takast med heim i sommarhalvåret når den ikkje er i bruk. På grunn av slåtten på kyrkjegarden skal ingenting stå på sokkelen eller på bedplata – på bedremser. Vase skal stå inni plantefeltet eller vere festa med festebrakett på gravminnet på same måte som lykter..

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"