Tone Marit vert ordinert!

25.juni vert ein festdag i Austrheim, og sjølvsagt i Masfjorden, for det er dagen då Tone Marit Håland Dyrkolbotn skal ordinerast til prest. Ho er tilsett i Masfjorden, men ordinasjonen skjer heime i Austrheim kyrkje. Møt opp og ver med denne dagen!

Tone Marit vert ordinert!

Tone Marit har skrive nokre ord sjølv. Dei kan du lese her:

Endeleg er dagen her!

20 år etter første dag på skule er eg ferdigutdanna. Gensaren med Lady og Landstrykeren på skal no byttast ut med presteskjorte, snipp, alba og stola. Og DU er hjarteleg velkomen til å vera med på markeringa i Austrheim kyrkje og Austrheim samfunnshus 25.juni!

Etter seks år i Oslo, der studentlivets glade dager har vorte levd, er studiet ved vegs ende. Men når noko sluttar, startar noko nytt. For meg er det livet som ordinert prest i Den norske kyrkja, i første omgang som sokneprest i Masfjorden!
Det gler eg meg skikkeleg til!

Men for å bli prest, må ein (i tillegg til seks års studie..) verta ordinert. Det har biskopane, kyrkja og fakultetet mitt (MF) godkjent meg for, så den 25.juni 2017 skal biskop Halvor Nordhaug ordinera meg i Austrheim kyrkje.

Ein ordinasjon er ei stor hending, noko av det mest høgtidlege som skjer i Dnk.

Men intet party utan folk! Og ingenting ville gleda meg meir enn om gode vener, familie, bygde- og byfolk, naboar, kjente og ukjente, ja, rett og slett alle som har enten veldig eller litt lyst til å sjå korleis ein ordinasjon føregår, dukkar opp i Austrheim kyrkje denne dagen!

Først er det gudsteneste kl 11.00, med biskop, fleire prestar enn dei fleste har opplevd på ein plass før, feststemte folk og god stemning.
Så vert det middag for alle (tusen takk til Austrheim sokneråd som diskar opp!) på Austrheim samfunnshus. Her er det lov å halda ein liten tale, synga ein sang, lesa eit dikt, framføra ein sketch, dansa ein dans. Eller noko anna, om du vil det!

Håpar du vil vera med å feira ordinasjonen min den 25.juni!

"Dersom nokon treng overnatting t.d. laurdag til sundag skal me hjelpa til med det. Det er reservert to rorbuer i Kilstraumen (http://www.kilstraumenbrygge.com/). Det er plass til 5-6 personar i kvar rorbu. Så dersom du treng overnatting kan du enten gje beskjed til Tone Marit eller Helge i Kilstraumen Brygge om det. Pris for overnatting i rorbu: ca 400kr døgeret."

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"