Frå september av har me nokre samlingar heime hjå Per Børge. Då skal me få læra litt om korleis ein skal vere leiar, og me skal ha det sosialt saman. Det blir mat kvar gong :)
Du kan vere med på kurset sjølv om du ikkje har anledning til å vere med på konfirmantsamlingane. Dei startar for fullt i januar, og varer fram til mai.
Dei som vert med på konfirmantsamlingane som leiar får leiren til Raknestunet gratis, men om du har lyst til å vere med bare på leiren så går det bra. Då vert det ein eigenandel på 400 kr.
Vil du vere konfirmantleiar ?
Har du hatt eit kjekt år som konfirmant, og har lyst på meir? Du kan bli med som konfirmantleiar. Det er med å gjere året ekstra kjekt for dei nye konfirmantane, du får oppleve ein ny leir, og du får bli meir kjend med Jesus!