Kolerakyrkjegarden

Her finn du meir informasjon om kolerakyrkjegarden, eller gamle kyrkjegarden som den og vert kalla.

Ved rundkjøringa og avkøyrsla til vegen til Rebnor, Øksneset og Øyane på Austrheim ligg Kolerakyrkjegarden. Den har eit areal på 1070 m2 og er inngjerd med ein fin steingard.  Den låg i alle år på eigedomen gnr 156, bnr 2, Austrheim, men vart administrert av soknet.  I 2014 vart den frådelt som eigen parsell og fekk eigedomsnummer: gnr 156, bnr 282, og eigd av Austrheim sokn.

Dei store infeksjonssjukdomane som koppar, dysenteri, skarlagensfeber og ikkje minst kolera, var ei mare for det 19. århundret.  Den gongen var det lite kunnskap om korleis sjukdommane smitta og i 1831 oppretta difor Stortinget provisoriske «Sunnhetskommisjonar» i alle kjøpstader, ladestader* og prestegjeld. Medlemane i kommisjonen var som regel sorenskrivaren, soknepresten, ein offiser, distriktslækjaren, lensmannen og 1 -2 soknemedlemmer.  Oppgåva til kommisjonen var å setja i gang tiltak for å forebyggja smittsame og epidemiske sjukdomar og ha ein beredskap i tilfelle mange dødsfall. Det vart m.a. krav om å etablera særskilte gravplassar for større epedemiar, og då spesielt kolera, som var svært dødeleg. Ein finn difor mange slike kolerakyrkjegardar kringom i landet som ofte ligg i stor avstand frå kyrkja og den vanlege kyrkjegarden.

Koleraen herja Austlandet tidlig på 1840-talet, men i 1849 slo den til under sildefisket nord for Haugesund.  Fleire av fiskarane reiste sjuke frå fisket, og smitta dei heime. Opptil 80 % av dei som vart smitta kunne døy, og i Austrheim skjedde det første dødsfallet tidleg i februar i 1849, og det siste i midten av mars same året.  På denne korte tida døydde 24 personar frå Austrheim.  5 av dei var kvinner og 2 var barn.  17 døde var menn, og mange av desse var på sildefiske då epedemien herja. I alt var det 7 fiskarar som vart gravlagde utanfor Austrheim, men i alt 17 personar, 10 menn, 5 kvinner og 2 barn, fekk si grav på Kolerakyrkjegarden på Austrheim vinteren 1849.

Fleire koleraepedemiar eller andre større epedemiar har seinare ikkje herja i Austrheim, og Kolerakyrkjegarden vart etter kvart teke i bruk som vanleg kyrkjegard, og då nytta av spesielt velståande familier som Haraldsen/Daae familien på Årås, Sellikenfamilien i Synnevågen/Bakka og Monslaupfamilien frå Monslaupen.

Haraldsen /Dae familien hadde i alt 7 graver her.  Dei er no samla under ei felles gravstøtte, ein obelisk, som er den spesielle gravstøtta ein ser ved inngangen til kyrkjegarden. Den siste som vart gravlagd her var Andreas Daae i 1988.  I 2000 var det ei urnenedsetting på denne grava, men gravstaden er no ikkje lengre i bruk som familiegravstad.

4 andre gravminner står att på plassen. Dei er lite synelige og treng vedlikehald.

«Kolerakyrkjegarden» bør takast vare på som eit kulturelt minnesmerke og ikkje nyttast meir til gravplass, men tilretteleggjast og vedlikehaldast med dei gravminnene som høyrer til på denne plassen.

(Ført i pennen av Kjell Dahle)

Kjelder:

1: Austrheim kommune – Kulturminneplan
2: Bygdebok for Austrheim – bind 4
    Allmenn bygdesoge 1800 – 2000
3: Haugesund Avis 15. mai 2000
    «Eit minne om angst», Kolerakyrkjegarden i Vedvikjo Bjoa
    https://www.h-avis.no/nyheter/eit-minne-om-angst/s/2-2.921-1.1505050
4: Sunnhetskommisjon – Kildenett
     http://www.kildenett.no/portal/ordbok/1172745111.76

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"