Dåpsskulen

Dåpsskule er ein "leikande" måte å formidle bibelforteljingar på. No kan du melde deg på klubben som skal samlast mandagane i haust.

Grafisk design: Wilco Vogelaar
Grafisk design: Wilco Vogelaar

Ikkje noko er så fengande som ei god historie. Slik har og trua vår vorte vidareført, gjennom historiane om Guds folk, mennesker som vandra i ørkenen og som opplevde ting med Gud. Om Jesus, den gode hyrde, krossa og den tomme grava.

Kva skjer når born får høyre bibelforteljingar, stille spørsmål, undre seg saman og skape noko med hendene sine? Det er nettopp dette vi ønskjer å gi rom for gjennom dåpsskulen – eit tilbod for born i 1.–3. klasse.

Mange born har kanskje allereie møtt kyrkja gjennom bokutdeling eller andre aktivitetar. Der har dei fått ein liten smak av korleis vi kan fortelje bibelforteljingar på ein måte som opnar for undring og samtale. No inviterer vi vidare til samlingar der borna får bli betre kjende med forteljingane i Bibelen og med kvarandre.

Kvar samling startar med ei bibelforteljing fortald på ein roleg og levande måte. Vi stoppar opp og undrar oss saman: Kva handlar forteljinga om? Kva kan ho seie oss i dag? Etterpå får borna bruke kreativiteten sin gjennom ulike aktivitetar som teikning, måling, leire, perling og andre former for skapande arbeid.

Kyrkjestova er eit rom spesielt innreidd for barn. Her har vi mellom anna dåpsskule på mandag kveld. Vi avsluttar kvar samling med kveldsmat rundt bordet. Her får vi tid til å vere saman, prate og byggje fellesskap. Familien er hjarteleg velkomen til kveldsmaten frå kl. 18.30. Ta gjerne med litt pålegg, så ordnar vi resten.

Dåpsskulen blir aller best når fleire vaksne er med og skaper eit trygt og godt fellesskap for borna. Difor håpar vi at nokre foreldre eller andre vaksne har lyst til å vere med som medhjelparar av og til. Ein treng ikkje kunne delta kvar gong – alle bidrag er verdifulle.

Første samling er mandag 14. september kl. 17.00–19.00.

Har barnet ditt lyst til å vere med? De er hjarteleg velkomne – også om de berre ønskjer å prøve ei samling først.

Alle barn som går i 1.-3. trinn er invitert til å melde seg på. Obs! Vi har plass til 12 barn per gruppe. Påmelding utenom dei 12 vil bli satt på venteliste.

 Leiar for Dåpsskulen er Wilco Vogelaar.

Dåpsskulen vår er medlem av NMS-U, barneorganisasjonen av Det Norske Misjonsselskap. Vi får økonomisk støtte for hvert medlem gjennom NMS-U. Medlemmene betaler en kontigent på NOK 50,-.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"