Bibeltekstane denne søndagen handlar om å bli kalla av Gud. I tekstane møter vi menneske som er heilt vanlege - med tvil, spørsmål og eit liv som ikkje er ferdig rydda. Likevel er det nettopp dei Gud kallar. Vi verta minna om at Gud også kallar oss - med det livet vi lever no. Vi får kome som dei vi er, og bli ein del av fellesskapet der tru, tvil og håp får rom side om side.
Dagens offer går til Blå Kors Norge, som gjev hjelp og støtte til menneske som slit med rus og speleproblem, og til familiar som er ramma. Du kan gje gåva di med Vipps heile søndagen - Vipps til Manger kyrkje (24042) - vel "offer" som kategori.
Alle er hjarteleg velkomne til gudsteneste!
