Påmelding konfirmasjon 2027

Konfirmasjon – Tid for dei store spørsmåla.

Påmelding konfirmasjon 2027

Du kjenner kanskje nokon som er konfirmert? No er det DIN TUR!
Vi gler oss til å gje deg og foreldra dine meir informasjon om kva det vil seie å vere konfirmant. 02. Juni 2026 blir det infosamling i Ulstein kyrkje kl 18.00, der du vil få meir informasjon om konfirmantåret, og du får sjansen til å spørje om alt du lurer på som har med konfirmasjon å gjere! 

Allereie no kan du vite om desse datoane

  • Presentasjonsgudsteneste  i Ulstein kyrkje søndag 15. november kl. 18.00 for alle konfirmantar.
  • Superonsdag: Onsdag 02. desember kl. 14.00 – 16.30. Temasamling pluss førebuing til lysmessa.
  • Søndag 06. desember kl. 17.00: Lysmesse i Ulstein kyrkje.
  • Konfirmasjon blir laurdag 11. og søndag 12. september 2027.
  • For å bli konfirmert må du følgje den obligatoriske konfirmantundervisninga. Mykje av  undervisninga foregår på leir. Difor MÅ konfirmantane prioritere å delta på ein av desse to leirane: Anten fredag til tysdag i vinterferien (19.-23. februar 2027), eller starten av sommarferien (18.-22. juni 2027). Meir info om dette på infosamlinga i Ulstein kyrkje.

Velkomen til leir, gudsteneste, bøsseinnsamling, undervisning, diskusjon, lystenning, bibel, bøn og mykje meir!​

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"