Gravferd

Eit dødsfall er ei stor livsendring for alle som er nær nokon som døyr. Nokre gonger er døden venta ved alderdom eller sjukdom. Andre gonger kjem døden brått og uventa som ei ulukke.

Det er viktig å få ei verdig avskjed med den som er død. Kyrkja har lang erfaring med å fylge menneske i denne sårbare delen av livet. Kyrkja sitt rituale er gravferd/bisetting i Ulstein kyrkje eller på Sjukeheimskapellet.

Gjennom ord og tonar minnast vi den avdøde, takkar for livet dei har levd og overgir vårt medmenneske til Guds omsorg. Nokon ynskjer storslåtte gravferdsgudstenester, andre vil ha det meir stille og lågmælt. Kyrkja har kompetanse og erfaring på å tilrettelegge dette på ein verdig og god måte.