Du kjenner kanskje nokon som er konfirmert? No er det DIN TUR!
Vi gler oss til å gje deg og foreldra dine meir informasjon om kva det vil seie å vere konfirmant. 03. Juni 2025 blir det infosamling i Ulstein kyrkje kl 18.00, der du vil få meir informasjon om konfirmantåret, og du får sjansen til å spørje om alt du lurer på som har med konfirmasjon å gjere!
Allereie no kan du vite om desse datoane
- Presentasjonsgudsteneste i Ulstein kyrkje søndag 26. oktober kl. 11.00 for alle konfirmantar.
- Supertorsdag: Torsdag 04. desember kl. 14.00 – 17.00. Temasamling pluss førebuing til lysmessa.
- Søndag 07. desember kl. 17.00: Lysmesse i Ulstein kyrkje.
- Konfirmasjon blir laurdag 12. og søndag 13. september 2026.
- For å bli konfirmert må du følgje den obligatoriske konfirmantundervisninga. Mykje av undervisninga foregår på leir. Difor MÅ konfirmantane prioritere å delta på ein av desse to leirane: Anten fredag til tysdag i vinterferien (13.-17. februar 2026), eller starten av sommarferien (19.-23. juni 2026). Meir info om dette på infosamlinga i Ulstein kyrkje.
Velkomen til leir, gudsteneste, bøsseinnsamling, undervisning, diskusjon, lystenning, bibel, bøn og mykje meir!