Minneord Atle Hopland (1943-2022)

Atle Hopland var sokneprest i Ulstein frå 1983 - 2011.

Minneord Atle Hopland (1943-2022)

Minneord av sokneprest Margit Lovise Holte
Bilde: arkivfoto

Måndag kom bodskapen om at tidlegare sokneprest i Ulstein, Atle Hopland, gjekk ut av tida. Hopland var sokneprest i Ulstein i 29 år frå 1982- 2011. Han sette sitt preg på Ulstein kyrkje og lokalsamfunnet, og med vørdnad utrykkjer vi stor takksemd for ein lang og trufast teneste som prest i Den norske kyrkja.

Hopland var kjend som ein konservativ prest med høg liturgisk forankring. Han var kunstinteressert og som pådrivar for kyrkjekunst kom Borgny Svalastog sine kyrkjetekstilar til Ulstein kyrkje. Prestekallet vart omfangsrikt i hans tenestetid grunna det auka folketalet, og i dag utgjer to stillingar det som for Hopland var eitt kall. Han la ned ein stor arbeidsinnsats som lokal prest, og i kallsboka skreiv han om eit godt samvirke mellom folk og kyrkje. Særskilt dødsbodskapar og gravferd av unge menneske var noko han som prest aldri gløymde og som gjorde stort inntrykk. Hopland hadde teologiske standpunkt som vakte både tilslutnad og motstand, samstundes var hans hjartelag og personlegdom det som mange trekk fram som det sterkaste minne av han.

Atle var humoristisk, varm og omsorgsfull. Han møtte menneske med eit smil og ein humoristisk kommentar. Flyktningar på mottaket her fortel at han kom på besøk og hjelpte dei, og det er utallige menneske som hugsar han som sin dåps-, konfirmasjons-, vigsle- eller gravferdsprest.

Også etter at han gjekk av med pensjon var han trufast til gudsteneste og ulike samlingar så lenge helsa tillét det. Ulstein kyrkje er takksam for det gode som Hopland gav gjennom sitt presteliv i Ulstein. Vår varmaste medkjensle og kondolanse går til Anne-Marie, born, svigerbarn og barnebarn.

Vi helsar med Simeons lovsong og lyser Guds fred over minnet.

«Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
 slik som du har lova.
 For mine auge har sett di frelse,
 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
 eit lys til openberring for heidningane
 og til ære for folket ditt, Israel.»

(Luk 2, 29-32)

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Tysdagar til fredag kl 10-14
i vekene 26-32 (sommarferie) tysdag torsdag kl. 10-14

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"