Preike 6. søndag i påsketida

22. mai 2022 i Ulstein kyrkje av Margit Lovise Holte, sokneprest i Ulstein

Preike 6. søndag i påsketida

Tekster:
1.Kongebok 3, 5-15 Eit lyttande hjarte
Efeserbrevet 3, 14.21 Bøn om styrke og innsikt
Matteus 6, 7-13 Vår Far

 

Klosterlivet har alltid fasinert meg. Som undring over at det går an å gje avkall på alt, og vie livet sitt til å be. Og som tiltrekning, fordi eg har sett korleis bønepraksisen forandrar og forankra mennesker. Tidebønnene, å vere regelmessig stille, tenesta for andre, det strukturerte livet, er mest som ein toppidrettsutøver – det er nok ikkje for alle, men eg er audmjuk og takksam for at det er for nokon.

For eg trur at det betyr noko å be. Be gjer vi store og små. Undersøkingar viser at mange ber. Sjølv dei som aldri ville sagt at dei trur, ber. Somme gonger opplever vi å bli bønhørt, andre gonger tørkar håpet og bønene våre ut. Den vanskeligste bøna å be, er som vi nettopp song; å la Guds vilje skje.

Det utfordrande og kanskje naturstridig for det moderne mennesket som er flaska opp på å  «ein skal klare seg sjølv», og vere «sin eigen lykkes smed» - å vende seg til noko utanfor seg sjølv?  Å be om noko, det sit ganske langt inne for mange av oss. Likevel ber folk kveldsbønn, bordbønn, personleg bøn, i bønegrupper, i familier, stille bøn, i naud, glede og sorg, i lovsong, gjennom gode gjerningar, i naturen, ved å puste... bøn er så ulikt for oss menneske.

Bøn er hjartespråk
Og når det kjem til saker som har med hjartet å gjere – så er det både forbausande lett, og samstundes veldig komplisert. I lesetekstene ba Salomo ei av dei vakraste bønene eg veit om: nemleg om eit lyttande hjarte og evne til å skilje godt frå vondt. Også Efeserbrevet har vakre bilder om hjartet som er rotfest og grunnfest i kjærleik. Slik taler dagens tekster om einskap – å vere eitt med Gud.

Uansett kva bønepraksis vi har, så er bøn noko som skal vere godt for hjartet, for kroppen for andre – den gjer oss til eitt med heilskapen i tilværet. Å vere eitt er kjensla av fridom, kjærleik og lys, få drikke av den evige kjelda som veller fram og gjer utørst.( Joh 4, Jesus og den samaritanske kvinna) Slik vert vi del av Guds godheit, og vi blir sjåande på ein annan måte: «i Deg er livsens kjelde – i ditt lys ser vi lys».( Salme 36)

Desse skriftstadane seier noko om kva bøn gjer med oss. Bøn leier oss til glede, leikenheit, kjærleik, medkjensle, empati, kraft, heilag vreide mot urett, mot, kraft og liv!

Å be er den mest kraftfulle truspraksis, og dei som er bevandra i dette landskapet fortel også om at det er ei risikabel ferd der ein også kan bli såra.

For mange av oss bær med erfaringar av at bøn også har blitt feil. At ein i bøn har sagt ting ein ikkje tør seie til vanleg, at ein ikkje kan stå inne for formuleringar, at bøn har blitt brukt som manipulasjon og slett ikkje ført til fridom og kraft.  Hjartespråk er kraftfullt fordi det går frå hjarte til hjarte, og då er det lurt å vere klok og varsam. Og så har vi ulikt kjærleikspråk, og kanskje må vi også øve oss på å romme at vi snakkar ulike dialekter i bøna si verd. Men å kunne skilje mellom vondt og godt, er Salomos bøn og frukta av åndeleg visdom.

Ørkenfedrer og ørkenmødrene kjenner god til den vegen Salomon ba om. Frå 300 talet av flytte dei ut i ørkenen og gav avkall på sitt vanleg liv for å fordjupe seg i bøn. Frå notatar dei skreiv har vi rike kjelder til innsikt som er bruk i åndeleg vegleiing fram til idag. Ørkenasketane erfarte at sjølv når dei forlet kvardagen sitt jag og mas, løyste seg frå materielle bekymringar, så vart det likevel ikkje fred og fryd. Dei meinte tvert imot at det var då den verkeleg kampen byrja; Kampen mot egoet. Dess djupare inn i kontemplativ livsstil dei kom, dess tydlegare vart det for dei korleis deira bøner freista dei til å innta Guds plass.

Eg kan kjenne dette att; når eg ber har eg mine hugselister og brått tenker eg; her held eg på og minner Gud om ting som Gud veit og ser. Skulle ikkje universets Skaper, forløysar og frigjerar, den heilage Ande som går i forbøn for oss og veit kva vi treng før vi ber om det, vite, hugse og sjå kvar skapning? Brått har eg i mitt bøneliv blitt ei varslingsteneste slik at Gud ikkje skal gløyme? Forstå meg rett her; det er ingenting som gjer meg gladare enn når folk sier dei ber for meg, og denne omsorgen er djupt meiningsfull å gje til andre. Samstudnes er det så kort veg frå å be Gud ta vare på, velsigne og beskytte – til at å byrje å kome med gode råd og instruere Gud om kva eg syns Gud burde gjere. Eg trur Gud er raus og tåler dette godt, med dette kan blir ei hindring i vårt bøneliv.

Ved denne grensa er det lurt å stoppe opp, seier ørkenasketane. For her ligg ei freisting til å la eige ego i form av fromheit ta over. Og så etterspør dei om ikkje fokuset på alle andre er noko eg gjer for å sleppe å vende blikket innover i meg sjølv.  Kvar er vårt hjertes, ærlege, sårbare bøn?

Egoet vårt ønsker at Gud skal er ein forlengelse av vår vilje, dette er det vårt største hinder. Då vert vi fort fornærma om Gud ikkje gjer som vi syns han bør. Dette egoet vårt er også forankra i ideen om at vi kan ta kontroll over tilværet. Det har vi jo ikkje, men vi freistar ofte kontrollere og prøve få det slik vi vil.

Ørkenasketane peikar vidare på eit hinder som heite gode intensjonar. Frå vi veks opp får vi med oss beskjedar og intruksjonar som vi tek med oss. Desse kan vere til hinder eller til hjelp i vårt åndelige liv. Det er vakkert når dei er vegvisarar til å ta vare på dei sunne vanan og det gode i livet. Oftast, seier ørkenasketane er dei til hinder, fordi mange forveksler dei med Gud stemme. Dei vil være veldig kritisk til at Gud vil skal fortelle om du skal gå til høgre enn venstre i vegkysset. Gud vil ikkje ta frå mennesket ansvaret for sitt liv, han har jo skapt oss med vit og forstand! Leiing er noko heilt anna i denne tradisjonen.

Leiing er å våge å gå nedover. Kome nær eigne sår, skuffelsar, svik, stader der tomheita i livet har bala seg på. For livet sårar alle, Gud kan fortone seg taus og likegyldig i mange samanhengar, motløysa kjem krypande på også for ørkenasketar. Dei kaller dette sjelas mørke natt, den tilstanden som kjem av så mange årsakar, men som er eit uttrykk for lidinga og smerta ved å leve som menneske i ei ufullkomen verd. Men bak og under desse laga, ligg morgonen det dei kaller den store tomheita. Den som kjem frå den tomme grav. Som er stillheit på ein fylt måte. Som det å stige ut i ein vakker solfylt sommardag og høyre fuglesong, rennande bekkar, barnelatter eller lukt av nytrekt kaffe. I denne stilla bur glede, liv og relasjon. Der augneblenken mettar sjela.

Ørkenasketane erfarte at dei forlot verda, for å gjer ei ytre og indre reise som brakte dei nær Gud, og den nærheita førte dei tilbake til naturen og andre menneske.

Ørkenasketane sine oppdaging kan gje inspirasjon, og for nokon kan den fortone seg vel komplisert.  Likevel formidler dei innsikter som mange jakter på idag frå ulike trendar og tradisjonar. For gleda og stillheita er bønas største gåve. Den gode stillheita som gjev fred. Som ein god ven du kan sitte ved sidan av utan ord, som ein augenblenk å vere i. Som eit glimt av fred om det så berre er som ørsmå hol i dagen. Når denne staden av fred og glede er i hjartet, kan ein hente krefter herfrå i alle livet stormar. Om det så berre er som ørsmå glimt.

Den korte vegen til denne freden er den vegen Jesus lærer oss, for denne preika både starter og slutter med Vår Far, – kvardagsbøna, festbøna, gudstenste og kveldsbøna, 3 gonger for dagen bøna frå den jødiskkristne tradisjonen. Den går så fort at vi ofte ikkje tenker over den, og den tek eit liv å meditere over. Nokre seie den høgt, andre lener seg til andre som ber den livet gjennom. Den er komplisert og lang å lære for småborn, og den sit som siste rørsler på mange døyandes lepper. Den har alt, er startpunkt og sluttpunkt på alle bøners hjartespråk.

Men viktigast av alt, så gjer bøna Vår Far den same rørsla ørkenasketane gjorde i sine erfaringar. I Vår Far sine setningstrukturar er det ein komposisjon med passive ord - som plassere Gud i posisjonen som den som gir, er aktiv og handler. Kjelda er Gud, og det Gud gir - får vi leve i, vær eitt med og kjenne oss omslutta av. Denne einskapen er ikkje vår prestasjon, men Guds nåde. Å ta imot, hengi seg, sleppe kontroll er vanskeleg nok uansett hjartespråk. Vår Far sine enkle ord invitere oss inn til livsens kjelde.

Ære være den treiinige Gud,
som var, er og vere skal
ein sann Gud, frå æva og til æva .

Kjelder: «The wounding and healing of desire” Wendy Farley
              “21. Kirkefedre” Peter Halldorf
              “ Onsdagslunsj med kirkefedrene” Sven Aasmundtveit

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"