Sjukdom, vonde ånder, helbred og håp. Preike, 3. s. i fastetida

Preike av Margit Lovise Holte - 04.03.2018

Sjukdom, vonde ånder, helbred og håp. Preike, 3. s. i fastetida

Det heilage evangeliet står skreve i Markus i det 9. kapitlet:

 

17 Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei ånd som gjer han stum. 18 Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står ut av munnen, og han skjer tenner og blir heilt stiv. Eg bad læresveinane dine driva ånda ut, men dei makta det ikkje.» 19 Då sa Jesus til dei: «Du vantruande slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!» 20 Dei førte guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg med skum om munnen. 21 «Kor lenge har han hatt det slik?» spurde Jesus. «Frå han var liten», svara faren. 22 «Ofte har ånda kasta han både i eld og i vatn for å ta livet av han. Men om du kan, så ha medkjensle med oss og hjelp oss!» 23 «Om eg kan?» svara Jesus. «Alt er mogleg for den som trur.» 24 Straks ropa faren: «Eg trur, hjelp mi vantru!» 25 Då Jesus såg folk strøyma til, truga han den ureine ånda og sa: «Du stumme og døve ånd, eg byd deg: Far ut av han, og kom aldri meir tilbake!» 26 Då skreik ho høgt, reiv og sleit i han og fór ut. Guten låg livlaus, og alle sa at han var død. 27 Men Jesus tok han i handa og hjelpte han opp, og han reiste seg.
    28 Då Jesus var komen i hus og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?» 29 Han svara: «Dette slaget kan berre drivast ut med bøn *og faste•.»

Slik lyder det det heilage evangelium.

 

Sjukdom

Dei fleste av oss veit noko om å vere sjuk. Mange er no i vintersesongen nede for telling med influensa. Andre av oss bær alvorlegare sjukdomar, sjukdomar som er kroniske eller livstruande.

Psykisk sjukdom har vore meir tabubelagt, men også dette er dei fleste godt kjent med som nedstemtheit og depresjon, sorg eller angst. Livet er så ulikt for oss, noko vert vi påført av hendingar og opplevingar, og noko ligg i genane våre som noko som slår ut.

Sjukdom er ein del av del av å vere menneske, og gjenkjenneleg for dei fleste som opplever sjukdom, er lengten og drivkrafta etter å bli frisk. Noko kan vi bli frisk av, men mange må ha sjukdom som følgesvenn gjennom livet.

I vår tid går vi til lege når vi vert sjuke. Vi set vår lit til kunnskapen og vitskapen som er del av Guds gode kraft til helse og helbred. Og så er det slik at ekstra mange også ber når dei blir sjuke.

I dagens tekst møter vi ein gut som vert helbreda. Med vår tids blikk er det sannsynleg at guten ville fått medisin for eplepsi og oppfølging av BUP. På Jesu tid var dette annleis og han gjer det på eit ann vis i si tid.

 

Helbred – korleis skal vi forstå denne teksta i vår tid?

-         Jesus hadde gudsriket krefter og kunne møte ein fortvila far og gjere guten hans frisk. Slik møtte Jesus mange fortvila fedre, mødre og sjuke. Jesus såg dei, bekrefta dei, og hjalp dei. Helbredsfortellingane i Bibelen er mange, og dei fortel alle om Jesus som gjev helbred.

-         I vår tid er Guds gode gjenskaperkrefter synleg i vitskap og kunnskap om kropp og sinn. Helbred er gjerne knytt til diagnose og rette tiltak. Det er ingen som bør la vere å gå til lege og berre å be om helbred. Men mange ber også om helbred.. og mange opplever å få hjelp.

-         For det er ikkje berre medikamenter som gjer at ein opplever å bli frisk. Å oppleve sjukdom, krenkingar og bråe endignar i livet gjer at sjel og sinn vert såra. Medisinar kan hjelp, men relasjonar også helbredande. Faktisk er det slik at innan psykisk helse så er det relasjon som er det avgjerande, ikkje kva terapiform ein nyttar. Det er fin påminning for oss om at hjelpande hender trengs: Relasjonar med forståing, varme, og støtte hjelper oss slik at sår kan helast.

-         Fellesskap kan også vere helande, kyrkja er ein slik fellesskap som kan vere helande. Her i benkane er mange hjelpande hender, gode omsorgfulle menneske – og her er helande handlingar: dåp, nattverd, forbøn, song, ord frå Bibelen som vi høyrer.. liturgien vi gjer saman. Det vi gjer saman og er saman er meiningsbærande og helande for vår kropp, sjel og ånd.

Helbred kan vere: Medisin, relasjon til menneske, til ein sjelesørgar og samtalepartnar ,- helande fellesskap - og relasjonen til Jesus. I dagens tekst står det ut ei setning om dette: Jesus tok han i handa og hjelpte han opp, og han reiste seg.

Jesu helar også no.

Når menneske møter Jesus, - då som no-  så opplever mange å bli oppreist. På den tid som no er det mange som bær på skam for sjukdom. Ofte kjenner menneske på skuld for sin eigen sjukdom. Det å vere sjuk er skambelagt i ei verd der idealet er å vere friske og sterke. «Kven er det som har synda»? spør læresveinane Jesus i Bibelen ( Johannes 9) – og Jesus avviser at sjukdom og helseutfordringar er straff .. at ein får som fortent. Jesus tek oppgjer med tradisjonen i det gamle testamentet om at sjukdom i neste ætteledd var straff for forfedrenes umoral. Jesus løfta ein annan spegel: sjukdom er ein del av livet – og Jesus ser dei sjuke på ein spesiell måte, på ein heil måte –og han bryr seg om heile kroppen, sjela, truslivet og ånda deira. Heile mennesket er i Jesu helande omsorg. Han tek menneske i handa, hjelper dei opp og slik at dei kan reise seg.

5

I denne teksta er der også eit djupare lag, nemleg spørsmålet om:

Ånder og åndskrefter

Klagaren kallast han som riv livet til Job i fillebitar. Gudsbildet i Job er utfordrande; Det er skjult, djupt, mørkt og har berre ei lita stime av lys. Men Jobs bok gjev gjenklang til mange som har vandra i eit slikt mørke.

Og så reiser det mange spørsmål om det vonde og vonde åndsmakter som dirrar under overflata. Eg trur at Gud er god, og eg veit at vondskap fins. Etter 22. juli vart det meir legitimt å snakke om vondskap. Vi kan kjenne lysta til det vonde i våre hjarte, og tydeleg sjå den i verda vi lever i. Vi kjenner att kreftene og vi kan gje dei mange namn. Vi kjenner dei att i mageskjensla i situasjonar vi møter, og noko har nådegåva til å prøve ånder (1. Kor 12). Kvar søndag forsakar vi det vonde slik vi gjorde før trusvedkjenninga i dåpen nettopp,- og det er ein grunn til at vi gjer det. Gud er god og Gud er kjærleik. Gud er ikkje vond. Jesus tek dette oppgjeret med vondskapen, og gjennom han får vi krefter til å gjer det same i våre liv og våre verd.

 

Dåpen

På 90 talet gjekk det ein film som heiter «Exorsisten» som handler om besettelse av vonde ånder. Eg var så uheldig å sjå denne filmen av nyskjerring interesse for fenomenet. I ettertid vart eg så ufatteleg redd. Redd for å bli bestatt av noko vondt utanfrå. Eg gjekk til ein sjelesørgar og fekk hjelp til å forstå dette bibelsk, nemleg at Guds Ande sterkare enn alt som er vondt i verda ( 1. Johannesbrev 4). I dåpen får vi den heilage Ande som vil verne om vår sjel ( Matt 28,19). Vi må vere bevisst kva vi vil skal påverke oss, men vi kan ha tillit til at dersom vi ikkje aktiv søker det vonde og ber det kome inn i livet vårt, så har vi eit vern i den Heilage Ande.

Eg trur ikkje folk som er døypt kan bli besatt utan vidare. Heller ikkje at psykisk sjukdom er å bli besatt av vonde ånder. Dette er veldig viktig for meg å få sagt. Eg er glad eg kom til ein klok sjelesørgar den gongen. For eg har hatt fortvilte  menneske på kontoret mitt som har vare utstett for exorsisme i frimenigheter her i nabokommunane. Dette vil eg sterk fråråde! Fordi sjuke menneske treng lege, omsorg og sunn forbøn,  og må ikkje verte skremt eller utsett for makt. At «alt er mogleg for den som trur», - er veldig farlig dersom sitatet vert brukt feil i høve eksosisme og helbred. Det er lett å påføre sårbare menneske enno større byrde å bære dersom dei ikkje blir helbreda og frisk. Mange bær på smerte og nederlag over at ukloke kristne har møtt dei med forestillinga om at helbred er avhengig av deira eiga tru. Du trur ikkje nok, derfor vert du ikkje frisk. Dette er høgst ubibelsk. Helbred er knytt til Jesus, og sjølv om alt er mogleg for Gud, så er vi også underlagt livet sin krinslaup. Misjonærar i kulturar der folk ikkje er døypte kan fortelje om fenomen likande det vi har lest idag. Men vi er i ein annan kulturkontekst – og ingen av oss er Jesus. Så vi kan ikkje bestemme eller manipulerer helbred. Vi kan berre tillitsfullt be om til at Jesus kan hjelpe - ta oss i handa hjelp oss opp og reise oss.

 

Den Heilage Ande sterkare enn det vonde står det i Bibelen. Dåpen gjev Anden som vern eller som Guds fulle rustning om vår psyke og vår kropp. Den vernar oss også når vi vert sjuke. Difor er der noko som aldri kan takast frå oss same kor sjuke vi blir: nemlig verdien som menneske og korsmerket vi bær på vår kropp. Det tilhøyrigheitsmerket vi bær betyr ein skilnad. I liv og død vil Jesus ta oss i handa, hjelpe oss opp og ein dag reise oss opp til evig tid.

 

Mot slutten vil eg seie noko om:

Ein fars trusvedkjenning;

I dag møter vi ein far som ber for guten sin. Håper de fedre kan kjenne att omsorga og bøna for borna dykkar. « Du som ber for ditt barn dine kjære» som det heiter i songen.. eller som Lina Sandel seier om Gud: « han som bær for meg et fadershjerte». Gode fedre held borna høgt i hjartet og ber. Gode fedre som har mot som ei løve til å kjempe for barna sine, for at dei skal ha det godt, eller bli friske.

Denne faren vi møter i Markus har eit elskande, kjempande farshjarte. Men han har også ei vakker trusvedkjenning: «Eg trur, hjelp meg i mi vantru.»

Denne setninga har vore til hjelp for mange menneske i årtusener – vakkert og godt at den står i Bibelen. Orda rommer det store spennet av motsetningar som er i livet sjølv: mellom tru og vantru – lys og mørke – håp og fortviling. Den opnar rommet for oss som ofte møter så mange ting som gjer at vi tviler. Som meir på trass av enn på grunn av, held fast i trua. For det er mykje smerte, sjukdom og vondskap som vi ikkje forstår. Denne avmakta vendast ofte i sinne mot Gud, som om vi forventa at livet skulle vere som i paradis. Gud tåler vår avmakt. Gud tåler vårt sinne og fortviling. For Gud kjenner avmakta sin veg; mot korset, gjennom døden og inn i håpet. Slik viser han oss vegen til livet.

«Eg trur, hjelp meg i mi vantru», det er ei truverdig himmelvendt og jordnær trusvedkjenning. Den er bygt for kvardagen med glede og sorg. Ikledd Guds fulle rustning som vi las om i Efeserbrevet: lyft trua høgt som skjold i alt som hender. I dag let vi faren si trusvedkjenning fylle den med innhald:  «Eg trur, hjelp meg i mi vantru.»

Å snøre freden sitt evangelium om føtene og våge å gå med i alt som hender av lukke og sjukdom. I det som kan bli bra igjen, og det vi må leve med som er smertefullt. Og i alt vite at Anden som bur i oss –i vår kropp, sjel og  hjarte – er sterkare enn det vonde.

For Jesus har gjort opp med det vonde og overvunne døden. Og denne utrustninga han gir oss er helse, helbred og fred – også når vi må flytte håp frå å verte frisk til å leve så godt vi kan med sjukdom.

Gud bær for oss ein god Far sitt hjarte. Jesus vil ta oss i handa, hjelpe oss – og reise oss opp.

Ære være faderen og sonen og den heilage Ande, som var er og ver skal eins ann Gud frå æve og til æve. Amen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"