Preike påskedag 2023 Ulstein kyrkje

av sokneprest Margit Lovise Holte

Altertavle Ulstein kyrkje. Bilde: Cecilie Hatløy

Påskedagen er veldig gripande!

Orda «Kristus er oppstanden!» er som skapingsord av lys som fyller kyrkja igjen med ord, musikk og fellesskap. Gud «kallar fram or mørkret ljos» som ei lang rekke av soloppgangar;

  • frå orda «Bli lys!» den fyrste morgon.
  • til den fyrste dagen i påskeveka når kvinnene kom til grav
  • til kvar morgon vi får erfare at lyset kallar fram dagen vår slik våre vakre, strålande påskedagae har synt oss i år
  • Og når livsdagen vår er slutt er påskedagshåpet at også då skal Gud kalle fram or dødsmørket – lys!

Lys gjennomstrålar vårt liv, vårt tilvære og vår verd, og ein dag skal lys gjennomstråle vår død og alt som er. Dette håpet feirer vi idag!

Det er gripande, og samstundes nesten litt utanfor vår fatteevne.

 

Vitnemål frå traumets landskap

At Jesus stod opp frå dei døde er grunnleggande for kyrkja og den kristne trua.

Det er like fullt vanskeleg å gripe og fatte. Den tomme grava er denne dagen sitt bilde. For alle oss som steller ei grav er det noko vi fryktar, at grava der vi har lagt våre kjære skal vere tom.

Og skal vi vere heilt ærleg, er vel alle påska sine fortellingar om svik, død og liding, ofte ganske fryktinngytande. Det er fristande å unngå dei og heller fokusere på sol, tur og kvikklunsj. Påska sine fortellingar er krevande, dei er som sår det er umogleg å ikkje bli berørt av. Dei konfrontere oss med ubehageleg sanninga om liding i Jesu liv, i andre sitt liv og vårt eige.

Kvinnene som kjem til Jesu grav påskemorgonen er også rysta av all valden dei har sett. Dei vart verande som vitne då Jesus døydde, dei er med og gravlegg han, og kjem så til grava for å sørge, minnast og finne fred. Oppstodevitna er traumatiserte kvinner og menn som sørger over å ha mista sin livsvegvisar og venn.

Traumekunnskap fortel at menneske som opplever traume bær på sår som ikkje sluttar å gjere vondt. Ein kan oppleve tida som om ho har stoppa opp, forhold til sin eigen kropp er prega av forvirring, og ein har vanskar med å finne dekkande ord og språk til det som har skjedd.

Fortellingane om oppstoda skjer i traumets landskap. 

Vi les om menneske som er djupt fortvila over alt som har skjedd, og at Jesu kropp er borte frå grava. Dei spring, gret, kikkar og klarer ikkje gjenkjenne Jesus sjølv når han snakkar til Maria, Tomas eller disiplane som går til Emmaus. Fortellinga om den tomme grav er så ufatteleg at sjølv Bibelens vitnesbyrd når vi legg dei saman og inntil kvarandre, ikkje gjev eit fullstendig bilde. Dei etterlet oss med ganske mange ubesvarte spørsmål.

Påska sine fortellingar tek oss tilbake til eit traume ved den ufattelege brutale måten Jesus endar livet sitt hengande til døden på eit kors på Golgata. Det er så fråstøtande. Det bringer oss i nærleiken av alt fråstøtande ved verda sine sår og våre sår. Søren Kirkegaard seier at berre konfrontert med fortvilelsen, kan menneske byrje finne seg sjølv og vegen heim. Det kvinnene finn oppstodedagen, er ei tom grav. Det er ikkje rart dei blir fortvila!

Sanningar om traume treng felleskap, tryggleik og språk for å kunne forstå kva som verkeleg har skjedd. Dei fyrste augevitna, til dei fyrste kristne, og vidare kyrkjas mange felleskap heilt fram til vårt, har søkt saman for å vikle ut sanningar om dette som hende med korset og oppstode. Slik vert vi når vi høyrer om oppstoda boren av andres vitnemål gjennom 2000 år, og vi bær det vidare ved å vere her idag.

 

Grava si lysande tomheit.

Det som lyser idag er den tomme grava.

Og tomheit er kanskje det vi menneske fryktar mest.

Derfor fyller vi konstant opp med lys, bilde, venner, opplevingar.. alt som kan distrahere oss og hjelpe oss unngå å kjenne på livet eller tilværet si tomheit.

For vi trur at tomheit betyr slutt.

Men det gjer det ikkje.

Tomheit fortel berre om den andre sanningar som ikkje er så lett å gripe.

Sanninga som at sår kanskje ikkje kan gro, men dei kan helast.

Sanninga om at livet også er vakkert, lett, lyst, deilig og leveleg.

Sanninga om at framtida ikkje berre er mørk, men open, lys med moglegheiter.

At tomheit kanskje er som å vere vektlaus. Som nye moglegheiter som opnar ein våg me ikkje visste om. Som soloppgang etter ei vanskeleg natt, som kjærteikn på huda, som det gode blikket.

Kravlaus tomheit - fylt av lys og nærvær.

 

Den doble sanninga og ein tredje veg.

Påskedag fortel om ei dobbel sanning; Den eine handlar om at all smerte er erfart av Gud sjølv. Difor finst ingen stad utan Guds nærvær. Sjølv i helvete er der stiar av lys etter Kristi fotspor.

Den andre er gleda ved at Gud som kallar liv ut av døden slik Guds Ande svevde over mørke vatn, og kallar Kristus til liv ut av død.

 

Teologen Helen Keller seier at Guds Ande søker slik mellom livet slik vi kjenner det og dødens trussel om forkasting, – for å finne ein tredje veg. Den heilage Ande sensar mellom mørke og lys, mellom liv og død, for så å skape liv.

Den tomme grava er den tredje vegen. Vegen vi ikkje kan fatte eller finne på, men som opnar seg med eit lysande håp.

Tomheit er difor ikkje farleg. For der skaper Anden rørsle, pust og nytt liv.

Ut av tomheit skapast noko nytt.

Det er ikkje eit fall ut av tilværet.

Det er fred.

Den tomme grav er mjukt, den er fylt av håp, lys, felleskap og nærvær.

For våre djupaste grunnvilkår er snudd, slik at ingen vondskap eller tomheit verken i liv eller død som kan nokongong kunne skilje oss frå Guds kjærleik i Jesus Kristus.

Den tomme grav vitnar om ei eksistensiell vending. Den gong då. Men også kvar gong når. For oppstode er ikkje berre eit håp for livet etter døden, men er også eit håp for livet her. Vår sjel bli vendt mot soloppgangen, mot lyset frå den tomme grava som gjennomstrålar vårt liv. Den tomme grava framkallar det bildet som ligg djupast i oss. Det er ikkje eit bilde av alle våre sår og nederlag, men eit lysande bildet som menneske skapt i Guds bilde.  Den tomme grava held dette framfor oss som ei gåve. Oppstodekrefter verkar i all sin tilsynelatande tomheit i kvar døpte baby, i kvar blome som gror av svart mold, i kvar av oss når vi hugsar eller skimtar kor høgt vi er elska.

Den skapande tomheita, den stille susings røyst, er eit nærvær som overskrider vår fatteevne. Anden skaper noko nytt også i våre liv, ein tredje veg der alt verka veglaust.

 

Den åttande oppstodedagen

Peter Halldorf skriv i si siste bok; «den åttande dagen», om eit åttekanta dåpskapell i den vakre byen Firenze i Italia. Også denne kyrkja vår er åttekanta, eller eit oktagon som det heiter. Halldorf seier at oktagon er av det beste bildet på gudstenesta og oppstoda. Veka har som vi kjenner sju dagar i vår linjære tidsforståing. Oppstodedagen er som den åttande og er del av Guds tidsrekning i den ævelige tida utan ende. Jesu liv og død er linjære historiske fakta som sjølv utanombibelske kjelder kan stadfeste. Jesus levde og døde i tida. Men oppstoda vitnar om den lysande håpefulle tomheita frå den åttande dagen.

Kvar gong vi samlast til gudstenste, opnar vi for å verte forma av den tomme grava, slik den åttande forma opnar for å sjå livet slik det verkeleg er: nemleg ei gåve.

Med alt vårt strev gjennom tid og historie, - vert vi borne av ei uendeleg sterk kjærleikskraft gjennom lyset frå den tomme grav. DET vitnemålet kviler ikkje på vår eigen evne til å fatte det, det kviler på vitnemål av mange før oss gjennom tusenår, og det er eit vitnemål som vert kontinuerleg bore til oss av den heilage Ande.

Anden let oss skimte den oppstadne Kristus i lyset frå den tomme grav, bær godheit til vårt liv og inviterer oss til kvile og fryd i lukkeleg, lysande tomheit. 

 

Det er fullbrakt, livet ligg ope. Grava er tom!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"