Preike 1. juledag 2019 i Ulstein kyrkje

av Sokneprest Margit Lovise Holte

(Gåver til Jesusbarnet er bakgrunnen for vår julegåvetradisjon. Etter tradisjonen utrykte gåvene til vismennene noko om kven dei var. Gull indikerte ein konge eller herskar med materiell og politisk makt. Røykelse (  sannsynlegvis røykelsen kalla frankensens) var utrykk for spirtualitet og kom frå ein vismann eller åndeleg guru. Myrra var helbredande olje som knyttes til dåtidas medisin eller ein lege. Myrra representerte helbred for kroppen. Vismennene var truleg fleire enn tre, vitskaps- eller rikmenn reiste sjeldan åleine. Nokre tradisjonar meiner dei var 12 som dei 12 stammene, dei 12 folkeslaga utan eller som 12 disiplar. Dei kunne sjølv eller hadde med seg stjernetydarar for å finne retning og veg).

1 I opphavet var Ordet,
          Ordet var hos Gud,
          og Ordet var Gud. 
          
    2 Han var i opphavet hos Gud. 
          
    3 Alt vart til ved han,
          og utan han vart ikkje noko til. 
        
          Det som vart til
    4 i han, var liv,
          og livet var lyset for menneska.
          
    5 Lyset skin i mørkret,
          og mørkret har ikkje overvunne det. 
        
6 Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. 7 Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han.8 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset. 
          
    9 Det sanne lyset,
          som lyser for kvart menneske,
          kom no til verda. 
          
    10 Han var i verda,
          og verda vart til ved han,
          og verda kjende han ikkje.
          
    11 Han kom til sitt eige,
          og hans eigne tok ikkje imot han.
          
    12 Men alle som tok imot han,
          dei gav han rett til å bli Guds born,
          dei som trur på namnet hans. 
          
    13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,
          ikkje av menneskevilje
          og ikkje av manns vilje,
          men av Gud. 
          
    14 Og Ordet vart menneske
          og tok bustad mellom oss.
          Og vi såg hans herlegdom,
          ein herlegdom som den einborne Sonen
          har frå Far sin,
          full av nåde og sanning. 
        
Johannes 1, 1-14

____________________________________________

«I mørkeret» av Helge Torvund

Av og til treng ein mykje lys
Å vera omfamna av lys
I ei sentimental
og nostalgisk stemning

Som gir ein illusjon at
mørkret ikkje finst

Men det finst.
Og du veit det.

For er du oppe
om natta

og sit der
i mørkret

med mørke tankar
og ei dump uro

Ei heil verd
av vondt blod

Inst inne
veit du

at om du sit
lenge nok

Kjem
Lyset

____________________________________________

Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss.
Ordet som var før alle tider, vart lys og liv. Det skapte og elska - og vart ein kropp i tida.
Ein liten kropp. Ein baby. Fødd på eit jordgolv av ei tenåringsmor.
Mørke julenatta renn og det vert lys.
Gud gir ære til ein kropp ved å ta bustad i den.
Og ved kroppen tek Gud form og liv i verda som oss.
Det gjer Gud sårbar. For jula er også ei fortelling om sårbarheit. Gud, den evige kjelda av lys og kjærleik, er sårbar. Slik vert han som oss og kjem nær oss. Jesusbarnet treng mat, nærheit, kjærleik, stell, varme. Alle desse føresetnadane som må være tilstades for at vi skal overleve. Å, kor sårbart det er; fødsel i ein uhygienisk fjøs av ei fyrstegangsfødande tenåringsmor utan jordmor, epidural eller lystgass.
At Gud vågar, har eg tenkt mange gonger.

Gud vert overlatt til Marias kropp
Maria har bore Gud i vatnet under sitt bankande hjarte dag og natt, undra seg, kjent han sparke, og som ein foss av smerte vrir babyen seg ut av livmoras varme bad og inn i ei kald verd. Medan unge jenter i vår tid ofte presenterer fødselskroppen sin med flat mage i sosiale medier etter få dagar, veit alle som har fødd, korleis ein fødekropp er.
Kor overvelda og mest skremt ein kan kjenne seg av kreftene som bur i kroppen. Så sterk og så sårbar på same tid. Kor instinktivt kroppen reagere på den skrikande babyen. Kor vanskeleg det kan vere å få til å amme, å gå igjen, slutte å blø, og barselstårene.
Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss.

Det vesle sårbare barnet.
Det evige Ord og lys frå skaping av.
Kor måtte ikkje Guds hjarte bevre, i glede og uro over kva som kom til å skje. Korleis var det for babyen som berre dagar gamal opplevde Josef sove uroleg, stå opp og pakke sakene og gåvene frå dei vise for å flykte? Alle veit jo at ei babyar og barselskvinner bør kvile, for å verte heil i kroppen att, for å få melka som gjev næring til barnet.
Ordet som vart kjøt, tok bustad mellom oss og vart ein flyktning.

Dei flykta til Egypt. Som Josef før han, han som også hadde ein far som heitte Jakob. Som også vart trua på kroppen, og måtte søke ly, mat og vern i Egypt. Også den Josef vart rettleia Gud med draumar som kjennes i kroppen når ein vaknar. Englevakt som kom med bod, som på Betlehemsmarka. Slik at Ordet som tok bustad mellom oss, kunne vere trygg.

Egypt, landet med den koptiske kyrkja som stolt bær tradisjonen om at den heilage familie søkte ly i Egypt. I haust var eg der ilag med prestekolleger. Vi besøkte mellom anna dei tre misjonsprosjekta våre. Dei betyr noko anna for meg no når eg har vore der med min eigen kropp.

  • Anafora ein retreastad i ørkenen der fattige gutar og jenter med traumer får tryggheit, mat og utdanning. Kroppar som har vore skada og krenka, som får pleie, verdigheit og stell slik at dei kan helast.
  • Så ein dag tok eg, Jørgen, Biskopen og ein guide ein taxi ned i Kairo downtown og langt borti nokre gater opp og inn, som i ein jungel, så steig det fram ein bokhandel. Biblar – Ordet som tek bustad i stadig fleire språk, - her midt i Kairos jungel. I eit land der kristne er ein forfulgt minoritet som kan bli skada på sin kropp for å tru, - så er Ordet mellom dei.
  • Og det tredje prosjektet vårt Sat 7, tv kanalen som sender til mange, men mest til dei som med sine kroppar har måtte flykte, som Jesus, for å vere trygge. Som ikkje får bu trygt på sin eigen heimstad, men likevel i flyktningeleirane får lære å lese, rekne og le og danse, og få bli fortalt at Ordet tok bustad også mellom dei.

Og midt inn ein va vdei mange i søppelbyane utenfor Kairo, vart vi ført til ein av Mamma Maggie sine slumskular. Barn tok oss imot, og det fyrste dei gjer der er å vaske bein. Dette gjer dei for å sjekke at borna ikkje har sår med infeksjon i, og fordi Jesus tente mennesker slik. Det var når den vevre, unge dama rørte ved føtene mine og vaska dei varleg med kaldt vann, slik ho dagleg vaskar små barneføter, det var då ho rørte ved kroppen min at det brast i meg. Hjartet og kroppen fall saman i ei erkjenning og tårene silte – her har Ordet vorte kjøt og teke bustad. Her er Guds hjarte. Her har Gud vorte kropp, og tatt bustad mellom dei.

Ordet vert kjøt og tek bustad mellom oss. Når vi søndag etter søndag, løfter vin og brød, kneler som vise menn, kvinner og barn ved alterringen, tilber og tek imot kropp og blod. Det er så sansleg at det mest må bortforklarast. Ordet vert kjøt og tek bustad i oss. I våre kroppar. Mellom oss og i oss.
Så daglegdags rører Gud ved våre kroppar og vert ein del av oss.

Kva vil det då seie at Ordet har teke bustad i deg og meg, mellom oss og i oss? Korleis bær vi Jesu kropp med oss i våre liv?  
Kvar dag et vi av det skapte livet, vi nærar oss frå den jord som gjev våre kroppar føde og heim. Nokre gonger fornektar vi denne berøringa av Gud og vender oss bort. Bort frå skapinga og respekten for liv. Mange tenker kroppane våre berre er noko som skal trenast, slankast, modellerast eller forbrukast som ei vare. Andre gonger bær vi vår viten om å være kropp med kunnskap som gjer at vi ærar Gud, oss sjølv og nesten. Vi sørger for varme, kle, mat, medisin, til våre og til andre menneske. Slik Jesu rørte ved kroppar, rører også legar og andre med kunnskap ved våre kroppar til helbred. Og i Noreg har vi lover, reglar og rettar som vernar våre kroppar.

I lys av juledag vill eg i år løfte fram at kroppen vår rørt ved av Gud. I skapinga, ved livsanden, ved fødsel og dåpen bad, når Ordet, lyset kjærleiken får fylle den, når vi i felleskap nærar, varmar og stør den. Når Kristus sjølv tek bustad i oss i nattverdens gåve. Ved næring, kjærteiken, varme, kulde, smerte, arbeid, kvile. Vår kropp som bær våre liv her på jorda. Som vi ikkje treng skamme oss over og prøve å modellere bort. I den kristne historia har kroppen ofte vorte fortrengt og vorte assosisert med kjødets lyster som den veg som førte bort frå Gud. Det gjekk ikkje lange tida i den fyrste kristne kyrkja før viljen til å skille Jesus frå kroppen hans vart sterk. Skiljet melllom kropp og sinn frå den greskhellenistiske tradisjon påverka den kristne trua, og det var umogleg at det guddommelege kunne ta bustad i og røre ved ein kropp.

Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss. Vi kan ane sprengkrafta i den tida, slik som no. For Jula handlar om heilskap. Om kropp, fødsel og at Gud sjølv vart ein menneske i ein kropp  som oss. Ein kropp med behov, lyst, redsle og lengt. Slik livet bærast i våre kroppar, fine kroppar, ulike kroppar som skal møte, sjå og anerkjenne andre kroppar, med grenser nok til å vere trygg, og nærleik til å kjenne livsvarmen.
Våre kroppar vert sjuke, slitne og er forgjengelege. Som del av tida vender kroppen seg attende til jorda. Våre sår og sjukdomar tok Jesus på sin kropp, og dødskreftene sleit kroppen i stykker. Men Oppstodehåpet i Kristus er at på andre sida av døden vert kroppen vår nyskapt. Ved Ordet skal vårt kjøt kallast ut til ævelege bustader.

 

Det tok meg 46 år før eg fann ut kva Myrra er. Og heim frå Kario har eg ei flaske myrra. Den er sevje frå myrratreet, den luktar slett ikkje slik eg har trudd og er slett ikkje ein salve. Det er ein olje som varmer. Når ein gnir seg i hendene, og tek ein dråpe myrra, så vert det varmt. Oljen med varme skal ein legge på stader der kroppen har vondt. Gull, røkelse og myrra var gåver til Jesusbarnet. Gull og røykelse er kongegåver: pengar til mat, kle og hus, - røykelse for å å opne sansane for gudsnærvær og spiritualitet. Og så myrra – helbredande olje til kroppar. Ei sterk påminning i kroppens tidsalder om at Jesus vart kropp som oss, ein sårbar kropp med behov for næring, omsorg og helbred. Juledag med høgt lys og lovsong, vi feirer det fordi våre kroppar har som diktet innleiingsvis erfaringar av å vente i mørket. Vente i mørket i mors liv og vente i mørke livsnetter. Når alt ser mørkt ut bær kroppen liv ved å føde eit barn, ved å gå til ein stall, ved å dele mat, drikke, varme og nærvær, krefter nok til å sitte midt i mørket, og vite at sit ein lenge nok, vil lyset kome og dagen gry.

Sjå Guds bustad er hos menneska
Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss.
Ordet som røret og berører oss

Gud av Gud, lys av lys
Sann Gud av sann Gud
Fødd ikkje skapt
Av same vesen som Faderen,
I han er alt blitt skapt.
For oss mennesker og til vår frelse
Steg han ned fra himmelen.

                                               (Den nikenske trusvedkjenninga)

 

Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss.

Lat oss saman reise oss og vedkjennast vår heilage tru (Vi syng den nikenske trusvedkjenninga)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"