Preike 09. oktober 2022

av sokneprest Margit Lovise Holte

Preike 09. oktober 2022

Bilde: Constance KowalikPixabay

Ein mann som var spedalsk, kom til han, fall på kne og bad: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein.» Jesus fekk inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Med det same var sjukdomen borte, og mannen vart rein. Jesus tala strengt til han og sende han straks bort. «Sjå til at du ikkje seier eit ord til nokon om dette», sa han. «Men gå og vis deg for presten og ber fram dei offer for reinsinga di som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»
Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelja om det som hadde hendt; han gjorde det kjent vidt og breitt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på aude stader. Men folk kom til han frå alle kantar.

Mark 1,40-45

Andre lesetekster: Salme 38, 10-16 og 1. Joh 4, 11-16

Som forkynnar går eg rundt og bær på tekster, og denne søndagens tekster har eg bore dei med i samtalar og møter gjennom veka, på andakter på sjukeheimen, i gravferd på fredag -  ...og det har vore litt krevande. For når tekster om sjukdom kjem opp, - kjenner vi alle til erfaring med sjukdom. Frykt for sjukdom har vorte forsterka gjennom to år med koronapandemi som stengde ned verda. Helse i vår tid er sett på som ei av dei største goder, og klisjemessig seiast det at helse er den nye frelse. Helse er viktig for oss, for kvar dag høyrer vi om sjukdomsfortellingar knytt til fysisk og psykisk sjukdom som minner oss om vår eksistensielle sårbarheit. Vi er så heldig å ha gratis og godt helsevesen der alle kan få hjelp, men vi veit at all hjelp ikkje verkar til helbred. I møte med sjukdom som eg ser rett inn i på sjukeheimen, i ei gravferd der sjukdom medførte at eit menneske døde så altfor ungt, så skjer det noko med tekstane… livserfaring preger møtet med dei. Og det er bra, – for Bibelens tekster er ikkje meint for å ligge lukka i boka på hylla, men dei er meint å takast ut og brukast på livet slik det er.

Nærvær og fråvær
For i dagens tekster er der vertfall to akser som er gjennomgåande: Guds nærvær og Guds fråvær. Salmen vi hørte lest kallast bøn for sjukdom, og gir ei hjarteklage for ånd, sjel og kropp som beskriv kor vondt vedkomande har det. Salmisten set si lit til Gud og ber om medkjensle: «du er min lengsel Gud». I denne lengten ligg det både erfaring av Gud nærvær og Guds fråvær. Slik gir salmisten oss ord til bruk i våre liv – for eg tru vi alle bær ulike livserfaringar som innheld både fråvær og nærvær. Den spedalske bær også ein lengt han møter Jesus med, og Jesus tek imot han med inderleg medkjensle, og retter ut handa og rører ved han. Det er jo veldig farleg! For spedalske var sjuke med ein svært smittsom sjukdom som gjorde at dei var utstøtt frå felleskapet. Og i ein kultur som liknar litt på vår der vi kanskje tenker om enkelte sjukdomar som noko vi er litt skuld i sjølv, – var det å vere sjuk skambelagt. Ein spedalsk var smittsom, urein og ein måtte halde seg unna.

Men Jesus rører ved han; i to bevegelsar – Jesus retter ut handa – og rører ved han. Og slik utlikner Jesus heilt og fullt avstanden mellom den reine og den ureine. Berøring er ein av Jesu helbredsmetoder som opnar for ei tolking om at kvar gong vi blir berørt, har Gud berørt fyrst. Erfaring vi gjer av godheit, har Gud berørt fyrst. Men ved å berøre utsette Jesus seg for risiko, og ved å berøre noko som var sjukt og ureint kling orda frå profeten Jesaja ( 53: 4) i bakgrunnen: «Våre sjukdomar tok han på seg, våre smerter bar han»

Då svartedauden herja i Norge på 1300 talet døde to tredjedelar av befolkninga. Den yrkesgruppa som blei hardast ramma var prestane: av landet 300 prestar var det 40 igjen etter pandemien. For prestane vart kalla til sjukesenger for å gje sakramenta til døyande. Ved å rette ut handa og gjere dette blei dei sjølv smitta. Slik vart dei eit eksempel på det Jesus gjer som retter ut handa og gir ei sakramental berøring. Ei sakramental berøring er ei gåve som fritt kan takast imot utan vederlag. Men gåva er gjeven med store omkostningar. I vår felles erfaringsverd kjenner vi att dette med avstand i koronatida då vi til tider ikkje kunne feire nattverd for vi måtte halde 2 meter avstand som var utanfor rekkevidde for berøring.

Det Gud har rørt ved fyrst
Berøring er altså ei fysisk berøring som fordra hudkontakt, og denne sakramentale berøringa var fysisk konkret og helande for den spedalske. Men kva så med oss som ikkje har Jesus innan fysisk rekkekvidde og kan bli fysisk berørt av Gud? Å bli berørt omfatter også dette å bli følelsesmessig og åndeleg berørt – slik vi song før preika ber vi Gud styrke songen vår, motet, håpet, lengten og trua (Nos 650). Vi heng saman som heile menneske med ånd, sjel og kropp – og vi treng å bli berørt og rørt. Vi alle bær ting vi kanskje skammar oss over som gjer at vi kan kjenner oss ureine. At Jesus berører på ein god måte og uliknar avstanden mellom reint og ureint – også i oss, er åndeleg kraft som forandrar. Og om vi tolkar all godheit som blir vist oss som berørt av Gud fyrst, så er det veldig mange måtar Gud berører vår liv på. Fordi vi er heile menneske så gir Gud oss berøring som fysiske teikn i dåpen, der vi blir berørt med vatn og nattverden, der handa vert rekt ut og våre kroppar får del i Guds kropp i brød og vin. ( og vårt dagleg behov og brød)

Inderleg medkjensle
Denne teksta inneheld ei av de vakraste formuleringa om Jesus som eg veit om. For vi treng å bli rørt og berørt, men kanskje mest av alt lengter mennesket etter det salmisten ber om: å bli møtt med medkjensle. Inderleg medkjensle dukker opp i denne teksten og betyr på gresk at Jesus kjente sitt indre bevegde seg.  Jesus bli berørt og reagerer med heile seg i ein sterk fysisk reaksjon som gjer at han vil hjelpe mannen. Å bli berørt er å miste fotfestet for ei lita stund. For mange er det kanskje skremmande, vi kan verte redde for å gråte eller verte overvelda. Når vi er berørt tek inn den andres sårbarheit, og kjem i kontakt med vår eigen. Å bli berørt føder inderleg medkjensle og sterk trang til å hjelpe og vise godheit.

 Den som vert berørt, skal unne seg å puste – og vere i det utan år skunde seg å handle. For når vi blir berørt er vi i kontakt med noko sant menneskeleg. Vi kan gle oss over at vi er mennesker, og har bevart vårt adelsmerke: medkjensla. For det er sunt å ikkje bli så forherda av mengda med bilder på tv av lidande mennesker, at vi gløymer å la oss berøre. For vi venner oss fort til nød også.. I Sjølv om vi i vår felles erfaring som kyrkjelyd aldri vil gløyme den dagen i mars då det brått satt 70 ukrainske flyktningar saman  med oss og vi alle var sterkt berørt, - så har vi på sett og vis også vent oss til at det er krig. Det er viktig å dyrke inderleg medfølelse når vi høyrer folk sladre om nokon. Det er viktig å la seg berøre av musikken, orda, handlingane, det vakre som gir næring til våre liv, vår felleskap og vår tru. Når vi blir berørt er vi også i berøring med det guddommelege gudsbildet som vi alle bær.

Inderleg medkjensle er ein stad som liknar på Jesus. Eg tenker det er møtestaden mellom Gud nærvær og Guds fråvær. Men det er også ein stad som treng sunne grenser. For vi er ikkje Jesus og det skal vi heller ikkje vere. Menneske som opplever Gud som fråværande, skal få lov å ha den opplevinga. Og vi kan ha inderleg medkjensle, rette ut handa, berører ved å vise omsorg og godheit som let dei hugse kor elska dei er. Menneske som opplever Guds nærheit opplever det ofte heilt ulikt frå oss, og det skal dei få lov til. Gud har ein veg med alle, og Guds vegar er uransakelege. Vi er også kalla til å vise godheit ved å møte kvarandre med inderleg medkjensle, rette handa ut og berøre verda med godheit. For godheit kan opne ein veg til Jesus. Eller gjere at i vi kjenner at vi luskar i hans forspor.

Medkjensle eit kjærleg vinddrag også mot vår hud. Guds godheit er ikkje alltid noko vi skal gje vidare. Guds godheit er også til oss. Det er ei kjærleiksrørsle Gud har sett igang som vi kan stige inni. Å la seg blir berørt, ta imot styrke, kraft og helbred, gjer at vi kan våge la Gud berøre det vi skammar oss for, la det bli løfta inn i Gud lys der det kan bli eitt med Guds sjølv og forvandla til kraft. Våre erfaringar, våre kroppar, våre følelsar er viktig for Gud. Vi treng ikkje skjule oss, gjømme det bort under søndagsklede og fasade. Slik vi er, med alt som er sjukt og friskt, med våre kroppar sine vitnemål om våre levde lid, det vi bær skam for og det vi er stolt over: Vi har ein Gud som møter oss med inderleg medkjensle, rekker ut hand mot oss og berører våre liv.

BØNN (IKON)
Vi ber ikke om utskrifter
forklaringer, diagnoser, prosedyrer
Vi ber ikke engang om overbevisninger
Vi ber om å bli sett av en annen
Vi ber om et ansikt

– Stein Mehren (1935 – 2017)

 

«For Gud er kjærleik, og den som blir i kjærleik, blir i Gud og Gud i han.»

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"