Når det lukkes ei dør, opnar Gud alltid eit vindu - Preike 16.s i treeiningstida

Preike av Margit Lovise Holte

Når det lukkes ei dør, opnar Gud alltid eit vindu - Preike 16.s i treeiningstida

12 Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uventa. 13 Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de òg kan jubla av glede når han openberrar seg i sin herlegdom. 14 Sæle er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld, for Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk. 15 Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff som mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller for å ha blanda seg opp i sakene til andre. 16 Men lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.
   
17 For no er tida komen då dommen skal ta til, og han skal ta til med Guds hus. Men kjem dommen over oss først, kva ende skal så dei få som er ulydige mot Guds evangelium? 18  Og er det vanskeleg for den rettferdige å bli frelst, korleis skal det då gå den ugudelege og syndaren? 19 Difor skal dei som lid etter Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og gjera det gode.

1 Pet 4,12-19

Igår var ein fantastisk dag med Ulsteinmessa her i Ulsteinvik, For eit engasjement, for ein frivillig innsats! Det er heilt fantastisk å sjå korleis ein gjeng vaksne menn bidreg, på sin måte for å gje noko tilbake til den kyrkja som gir og har gjeve dei så mykje. Dei vågar å stå for noko og deira engasjement inspirerer! Dei viser at det er mange ulike måtar å gje kristen tru, håp og fellesskap vidare til i generasjonar som kjem. Ulstein kyrkje er ein stor og mangfaldig del av Guds rike med så mange medlemmar som på ulike måtar lever si tru. I det stille, i gode gjerningar, i frivillig teneste, i små samtaler, i diskusjonar, i tilbeding og meditasjon over bibeltekst, viser tru ved å bære borna sine til dåpen, følgje dei til kor og trusopplæring, tale vel om sin neste – på ulike måtar lener vi oss til vår felles tru; vårt menneskeverd, vårt håp i Kristus og  Andens kjærleik og utrustning. Vi er ulike båtlag i ein stor kyrkjelyd som er «Saman på ferda» – saman om å vere ei open, misjonerande, tenande og vedkjennande kyrkje på vår stad, i vår tid.

Å ha ei tru er ei vakker gåve. Store internasjonale religionspsykologiske undersøkingar slår fast at menneske som trur og som møter trua gjennom opne, sunne kristne miljø, faktisk får betre livskvalitet. Dei har det nødvendigvis ikkje lettare i livet, men trua gir noko grunnleggande og trygt i livet. Dagens tekst vart skrive i ei tid der det å følgje Jesus var noko som i ytterste konsekvens kunne true livet ditt. Og teksta seier at det er heilt vanleg å bli møtt med motstand. Er dette ein bodskap Jesus sa i si tid, som var noko som berre var til sine samtidige, eller har det relevans for oss menneske i dag? Korleis ser dette ut i vår tid, her og no?

Vi er utrulig heldige å leve i eit land med religionsfridom og ytringsfridom. Likevel er det i vår tid mange, særleg ungdomar, som fortel om at dei opplever det er mykje religiøs berøringsangst og fordommar knytt til å tru. Seier du at du trur på Gud, kan ein framleis bli møtt med å måtte svare for alle kyrkja sine overtramp gjennom 2000 år. Sjølv om teologien alltid har vore i front for å anerkjenne og utfordre, og positivt anvende kunnskap frå naturvitskap, medisin, jus, psykologi, sosiologi mm.- og  brukar historisk kritisk metode i si bibellesing, - så lever framleis mytene om at kristne er slike som lager ei bobler der dei vernar seg mot verda.

Vi lever i ei tid der sekulariseringa inntek våre liv på alle frontar. Også kristenlivet har tendensar til at det ikkje er så farleg å slutte opp om dåp, kristne praksisar og gudstenester, og mange vegrar seg mot å forplikte seg til å gje av sitt liv til frivillig teneste. Den individualistiske kulturen lærer oss så sjå på livet med forbrukaren sine auge; det er mi private vesle sfære som betyr noko. Og passar ikkje form, meiningar og innhald meg umiddelbart – tåler vi ofte ikkje mangfaldet og «sjoppar» ein annan stad. Like born leiker best, og vi finn oss vennegjengar og lukker dørene. Slik vert samfunnet og kyrkja delt opp etter det som gjev oss velbehag. Forstå meg rett, det er ikkje noko gale i å finne styrke i mindre fellesskap, men utfordringa er når vi ikej samstundes bygge store, open fellesskap. For utfordringa er at mange møter stengte dører og dett utanfor fellesskapa. Og i tillegg så stiller Jesus nokre litt ubehagelige spørsmål til ein slik privat, behageleg forbrukarreligionsforståing. Han seier at det å tru handler om å sjå trua i eit anna menneskes liv, å vise miskunn og hjelpe, bygge bru mellom menneske, og inkludere dei som fell utanfor. Jesus tok kvinner, fattige, tvilarar og svikarar inn i fellesskapen og løfta småborn sin tillit opp som eit førebilete for trua. Og han sa at å følgje han ville også koste noko – korset vekker anstøt, som Paulus skriv. Det er ikkje alltid lett, å tru innebær å bli utfordra, mistrudd, latterleggjort, baktalt og i ytterste konsekvens forfulgt.

I møte med ein slik bodskap kjem det vertfall i meg ei uro:

Uro kan vere vondt – det kan føde angst og frykt. Blir ein stadig uthengt og mobba for si tru blir menneske krenka. Det er ikkje rett. Vond uro kan også vere at miljø og dårleg teologi har lagt umenneskeleg krav på deg, slik at du aldri kjenner deg god nok – eller du kvitter deg med desse krava ved å legge dei på andre.. Eller kanskje vart møtet med livet for tøft og vondt – og den glade trygge trua i deg vart låst i eit så lite rom at den ikkje fekk liv til å puste..

Uro er kan også vere ein bra ting, forheilag uro er ei kristen dyd. Den held oss litt ukomfortabel som ein stein i skoen, slik at vi ikkje berre dett ned i nådens sofa, men held oss motiverte og klare til å leve nestekjærleik og lindre naud. Uroa over svoltne born på Dagsrevyen, empatien når vi ser menneske som lid, når klikkar gjennom giroen i nettbanken og betaler for å gje noko av vår overflod til nokon, når vi stiller opp mot urett – det er ei uro som ivaretek vår menneskelegheit og føder gode gjerningar. Denne uroa held oss vakne og skjerpa – det hjelper oss å lytte, sjå og snakke frå ein sårbar stad der vi ser mennesket og evangeliet klart.

Så dagen preike munnar ut i dette- å lytte frå ein sårbar stad i oss.: Eg har utfordra dagens tema for 3 ulike menneske i vårt fellesskap: Mahmod og Shahab som kjem frå Iran, Christfried som har sin oppvekst i DDR.

 

Korleis er situasjonen for kristne der du kjem frå

Har du opplevd å verte forfulgt for di tru?

Korleis har du opplevd Guds omsorg i dette?

 

Samtalen fann stad i gudstenesta og vert ikkje gjengeven i preika.

 

 

                     «Når det lukkes ei dør, opnar Gud alltid eit vindu.»

                                                         Christfried sin fadder

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"