Maria bodskapsdag

Preike av Margit Lovise Holte, sokneprest

Bilde: Cecilie Hatløy

Tekster: 1. Samuelsbok 1,21-28,  Apg 16, 12-15

Lukas 1, 39-45

Denne veka kom krigens ansikt til bygdebyen vår.

Fleire kveldar har det kome barn, mødre, eldre og nokre fedre. Og det er godt å sjå ansikta dykkar de som sit i benkane her no.
Det er lys i husa på Vollane
Krigens ansikt er menneske som oss.
Ansikt som lyser opp når våre blikk møtes
Ansikt med namn og livshistorier.
Ansikt som bær preg av smerte og etterlet avtrykk i magen. Denne kjensla av uro som uvissa gjev oss menneske.

Eg møtte barneauger, litt matte og stille,
som fort vart det tent og lyste.
Vi måtte begge smile, bable på vårt eige språk.
Ord som ikkje rakk kvarandre.
Men det gjorde ingenting.

For mellom mennesker har hjartet og magen har sitt eige språk.
Barnet lærer fort å seie hei.
Barnet har namn, ei mor på Vollane og ein far i krigen.
Barnet har skrive dramatiske livskapittel i si historie, og kva som står framom, veit ingen av oss. Eg ber om at dei må få møte gode ansikt.

Maria bodskapsdag leser vi om møtet mellom Maria, den unge tenåringen, og den eldre slektningen Elisabeth.
To kvinner som begge er gravid.
Dei eine altfor tidleg, den andre vel seint i livet.
Men når dei to kvinnene kjem kvarandre i møte,
sparkar barnet i magen til Elisabeth, og ho tolkar dette som gjenkjenning og glede!
Sjølv i magen under mors hjarte er livet kjent, anerkjent og velsinga.

Maria som bær Jesus under sitt hjarte
er ei vakker anerkjenninga av alle kvinner,
som verda over bær, føder og gir liv.
Dette er også kvinners mest farefulle reise i livet.
Reiser som også ender i tårer og tap
Marias var berre ei ung jente då ho vart gravid.
Ugift var ho også, utan utdanning, inntekt eller fast bustad.

Ho fødde Jesus til verda. Og for ettertida er ho kjent som gudføderske.

Hennar hjartelag og vilje til å gi av sitt liv, er eit forbilde for alle.
Og vi kan undre oss over kva sjelskraft var det som bar og heldt henne oppe? Og vi kan spør med songen vi nettopp hørte sunge: kva visste du Maria? ( Mary did you know)

Og etter henne har utallige jentebarn fått namn, mange kyrkjer er oppkalla eter henne, og i nyheiten høyrer vi stadig om byen som bær hennar namn; Mariupol ( polis latin/ grest tyder by) Marias by vert lagt i ruinar.
Barn fødes også i krig.
Medan bombene fell berre meter frå sjukehus
kjem barn til verda i Ukraina og i alle verdas konflikter
Barn fødes til flukt, fattigdom og naud.
Jesusbarnet vart fødd i slike kår;
Der var ikkje rom i herberget
og familien måtte legge på flukt til Egypt med den vesle babyen.

Men i alt er det ei sjelskraft som bær.
For slik dei to liv i magen gjenkjente kvarandre slik Maria og Elisabeth fortel om – så kjenner livet igjen livet.
Godheit kjenner igjen godheit
Medkjensle gjenkjenner medkjensle.
Hjartelag kjenner att det gode hjartelaget.
Vi er kjent, anerkjent og velsigna.

Midt i alt som er mørkt og meiningslaust,
 minner Maria bodskapsdag om at det kan spire fram nytt liv.

Ein knopp skyt opp av mørk jord,
eit liv blir til i livmoras mørke
eit liv blir fødd på nytt i dåpen.
Liv som er kjent, anerkjent og velsigna.

For mellom kvinen i tekstene idag oppstår det møter som kan vise veg i våre liv.
Hanna som fødde Samuel og overga livet hans til Gud
Handelskvinna Lydia som opna heimen sin og synte gjestfriheit
Og Maria som opna livet og framtida si for å bli Jesu mor.

Kvinnenes livsfortelling viser oss kva det kan bety å opne opp, være gjestfri, overgi. Dette er rørsler som somme tider krev det stort mot. Det utfordrar vår egoisme og vilje til å sikre oss.
Å opne opp, være gjestfri og overgi er forankra i erkjenninga av at alt liv og alle mennesker som ønska, kjent, anerkjent og velsigna av Gud.
Og også dette at vi treng at nokon opnar opp for oss, er gjestfri, invitere inn.
Fyrst då kan det skapes noko nytt.

Dette er kjærleiksAndens sitt verk i oss at vi,  som så ofte kan kjenne oss nedstengte, redde  -   kan bli varleg berørt slik at vi gjenkjenner med empati og medkjensle at det mennesket eg møter, er min neste. Sjølv den framande bær Guds bilde i seg og er gjeve menneskets ukrenkjande verdi.

Guds kjærlege skaparAnde viser oss vegar slik at livet kan opne seg opp i gjestfriheit og overgjeving. Slik at vårt hjarte kan hoppe som ein baby i magen,
vår sjelskraft blir styrka- og livet opner seg igjen.

Denne vegen er ein ytre livsveg som utfordrar måten vi forvalter livet vårt på, pengane våre, tida vår og det vi er og har. Det er også ein indre veg. Vegen i og mellom hjarter har lys og oppgåtte stiar. Vegen er trua sin skatt.
Den skatten har mange namn og former; – bøn, song, stillheit, meditasjon, lystenning, felleskap i heim og gudsteneste, bære til dåpen, gå til nattverd, praktiserer nestekjærleik. Dei kristne praksisane er gitt oss som ein skatt. For dei bevarer vårt hjarte og opnar vårt sinn.
Sakte, umerkeleg forvandlar dei livet.
Noko nytt veks fram slik at vi blir svanger med håp, lys og kjærleik.

Ei kvinne som bær eit barn ser ikkje veksten dag for dag, men ho merkar at ho er svanger og at livet veks fram. Ho veit barnet i magens mørke skapast på ein veg mot livets lys.

Gud beskriv sin lengt etter at alt skal bli godt som ei kvinne som har fødselsvear.
For det er smertefullt å gje nytt liv og føde håp.
Jesus oppga sitt liv, for å gje oss håpet om at lyset alltid vinn til slutt.
Dette håpet som ikkje er ei falsk trøst eller eit livsfornektande happy-place.
Det er dyrekjøpt nåde, som i nattverdens under blir del av vår kropp- og opnar vår sjelskraft som ein open lysande veg i hjartet vårt.

Dette håpet som forvandler oss, er vi kalla til å dele.
Håpet som under alle forhold har ei sjelskraft som gir nok styrke til å bære akkurat denne dagen, som gir lys på vegen slik at vi ser oppgåtte stiar og som nemner alt liv med namn som kjent, anerkjent og velsigna.
Håpet som rommer bøna om at krig og liding snart skal ta slutt og påskedag renne.
For lyset vinner alltid
Godheit, medkjensle, rettferd og empati er menneskeheita sitt verkelege språk.

Våre liv er svanger med håp

Lik Maria bær vi ein skatt skjult i vårt indre.

 

Solosong etter preika: «Road to Zion»

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"