Preike familiegudsteneste 17. mai 2022

av sokneprest Margit Lovise Holte

Preike familiegudsteneste 17. mai 2022

Alle tollarane og syndarane heldt seg nær ved Jesus og høyrde på han. Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imellom: «Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei.» Då fortalde han dei denne likninga: «Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine. Straks han kjem heim, kallar han saman vener og naboar og seier til dei: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.’ Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending. Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og mistar éin, tenner ho ikkje då ei lampe og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han? Og når ho har funne han, kallar ho saman veninner og nabokoner og seier: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att det pengestykket eg hadde mista.’ På same måten, seier eg dykk, blir det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.»

(Lukas 15,1-10)

 

I dag har dokke sikkert hørt nokon seie gratulerer med dagen? Kven er det som har bursdag?
Nasjonen vår, Norge feirer vi idag  Vi gratulerer kvarandre med landet vårt.
Nok eit år kan vi feire nasjonaldagen vår, feire at vi er frie og har fred. Og heilt spesielt i år er det at vi får vere ilag og feire. Etter år med koronapandemi der vi to år har måtte feire heime, kan vi endeleg møtast i år. Det er veldig, veldig fint.For det var noko som mangla, når vi ikkje kunne møtes. Vi mennesker treng å vere ilag med kvarnadre.

Det var noko som mangla i teksta vi akkurat las. Kva var det?
En sau og en mynt. Veldig ofte når vi høyrer denne fortellinga har vi fokus på den eine saunen som gikk seg vill, og blei redda. Eller kvinna som leita og leita etter den eine mynten, før ho kunne hadle fest med venninnen sine.

Men har de lurt på korleis dei 99 sauene hadde det? Korleis var det for dei å vite at ein sau i flokken mangla?
Eg trur dei var både redde og bekymra. Har de3 sett ein saufløokk som er red, kva gjerd ei då? Dei seier ifrå! Dei brekar! Det er jammen fint å vere del av ein stor flott flokk, som seier ifrå når ein er savna!

Idag trur eg mange er ekstra glad at 17. mai i Norge, at vi har fått tilbake feiringa i bygdebyen og landet vårt. Men eg trur også mange kjenner å at det er noko som manglar.
For nokon i flokken vår manglar noko. Vi feirer fred i Norge, men Europa mangler noko.
Vi mangler at det er fred for alle.

For Jesus viser oss idag at vi ikkje kan slå oss til ro med litt svinn. Ein kunne kanskje tenke at kvinna hadde nok med pengar, og ein mynt frå eller til ikkje spelte så stor rolle? Eller gjetaren som skua utaover 100 sauer, merka vel ikkje at ein var borte? Litt svinn må ein kanskje rekne med? Men her er jo Gud ganske sunnmørks av seg, som teller nitidig opp og ser at noko manglar-. Alle må med – den eine sauen og den eine mynten er viktig i den store samanhengen. Utan dei vert ikkje ting heilt. Utan dei, manglar flokken noko.

Vår glede over fred i Norge, mangler noko; nemlig at alle menneske kan leve i fred og fridom. At ingen treng flykte frå krig. Slik våre nye medmenneske, våre nye skulevener frå Ukraina har måtte gjort det. Fred for alle er som den eine tinge som når den mangler, og det utgjer ein stor forskjell. For når ein del av flokken lid, så lid heile flokken.

Idag skal vi glede oss, vi skal juble og ta tilbake 17 mai slik vi kjenner den! Og midt i feiringa vil vi heve blikket, og lage plass i hjarta våre også for det som manglar, for dei som manglar.  For feiringa av fred innbær også å ikkje slutte seie ifrå. «For også vi når det blir krevet, før dets fred slår leir», som det heiter i nasjonalsongen vår.  Vi skal ikkje gje opp med å søke å skape fred – i oss og mellom oss. Dette årets retter vi  handa ut til våre ukrainske medsysken som sit ilag med oss her i dag for å seie: De høyrer til i våre flokkar, og det er rom for dykk i gleda vår. Gleda rommer også lengten og smerta etter fred for alle. Vi vil stå med dokke i kampen for at ein dag skal de også feire fridom og fred.

For fortellingane om sauen og mynten kan lærer oss at det er vits i å håpe, vits i å seie ifrå og halde fram med å leite og be. Kjærleik gir aldri opp med å håpe og tru alt. Og sjølv om vårt håp skulle tørke ut, vil Gud som den gode gjetar og den gode kvinna leite og leite, heilt til alt blir heilt igjen. Det er kraft i å håp. For ein dag skal alle få fred. I kjærleik  og takksemd til vårt land, og med lengt og håp om fred for alle land, reiser i oss no og syng «Ja, vi elsker!»

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"