Langfredag etter Lukas 23, 20-46

Langfredag etter Lukas 23, 20-46

Igjen tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri. Men dei ropa imot han: «Krossfest han! Krossfest!» Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han så gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg vil la han bli piska og så setja han fri.» Men dei pressa han og kravde med høge skrik at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket.

Då felte Pilatus dommen; det skulle bli som dei kravde. Han frigav den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men han overgav Jesus til dei, og dei fekk viljen sin.

Så førte dei han bort. På vegen greip dei fatt i ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne. Og dei la krossen på Simon for at han skulle gå bak Jesus og bera. Ein stor folkehop følgde med, og mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han. Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar. For det kjem dagar då folk skal seia: ‘Lukkelege er dei barnlause, dei morsliv som ikkje har fødd, og dei bryst som ikkje har gjeve die!’ Då skal dei seia til fjella: ‘Fall over oss!’ Og til haugane: ‘Løyn oss!’ For gjer dei slik med det grøne treet, korleis skal det då gå med det tørre?»

To andre forbrytarar vart òg førte bort og skulle avrettast saman med Jesus. Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre. Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst», sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv dersom han er Guds Messias, den utvalde!» Soldatane òg hånte han. Dei gav han vineddik og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!» For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.»

Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen? For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!» Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.»

Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen, for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to, og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"