Dåpskluten og Ordspråka

Preike i Ulstein kyrkje 27. januar 2019 av Margit Lovise Holte 4. søndag i Openberringstida. Lesetekster: Fil 1, 20 og Luk 13, 10-17

Dåpskluten og Ordspråka

21 Synd gjer den som foraktar sin neste, sæl er den som viser medynk med dei fattige.
22 Dei som tenkjer ut vondt, fer alltid vill, dei som har godt i tankar, møter miskunn og truskap.
25 Eit ærleg vitne bergar liv, den som fer med løgn, er ein svikar
31 Den som undertrykkjer den svake, håner hans skapar, den som hjelper den fattige, ærar Gud.

Ordt 14,21-22.25.31

Denne veka spurte eg eit barn – kva er favorittfortellinga di om Jesus?

«Det er den om når han blei født» svarte 6åringen meg.

Godt teologisk svar, tenker eg. For fortellinga om at Gud vart ein del av vår verd og våre liv, er eit historisk vendepunkt for teologien, så viktig at til og med tidsrekninga krinsar rundt den. For i eit nytt år etter Kristus undrar vi oss framleis over kven var han, kva betyr det at han kom til jorda?

De som sit med eit barn i hendene ( 3 dåpsborn) veit at ein barn forandrar alt: De kan tru livet sklir vidare som før, men de veit at alt er forandra; eit barn – forandrar alt. I dag har det namnet som de har gjeve barnet, møtt namnet til den treeinige Gud. Frå no av er deira livshistorier ført saman. Det er ei nydeleg moglegheit å gje barnet – la våre og Guds livshistorier frå dåpen av bli ført saman, vevd saman. Til å minnast denne dagen får de dåpslys, men de har også fått med dåpskluten.

Denne dåpskluten brukar vi til å tørke hovudet, i dåpsamtalen snakkar vi om at den er som ein duk å sette dåpslyset på. Dåpskluten kjøper vi i Ulstein frå kvinner på Madagaskar som får pengar til å sende borna sine på skule. Den skal minne dykk om at vi høyrer heime i ei verdsvid kyrkje.

Dåpskluten er eit kvitt stykke tøy – ein viktig del av dåpens symbolspråk. Kvitt klede tørkar vatnet av hovudet, kvitt klede er kjolen til dåpsbarnet, kvite er kanskje dukane på bordet som er dekka til dåpsfest. Og når dei vesle små badar så tullar vi dei inn i eit handkle, vi kler dei og pakkar dyna godt rundt dei, slik at dei ikkje skal fryse. Dåpskluten minner om at omsorg – er å føre varme til der det er kaldt. Omsorg for barnet har de foreldre og fadra lova å gje i fadderløftet. Dåpskluten minner oss alle om omsorga vi er kalla til: Å tørke tårer, slå handkle om skuldrene, dekke bord, reie sengar, kle på klede... Og så er kluten akkurat slik som kluten på kalken på alteret der det er dekt til måltid. Dåpskluten har dua som brodert symbol. Det skal minne om Anden, at kjærleik og omsorg skal vi få leve i, og det er vårt kall å gje vidare.

Gud møtet barnet i dåpen, og vi kjenner varmen også i oss. Vi møter Gud i gudstenesta, gjennom fellesskapen og i våre stille stunder. Men Gud møter oss også på andre stader. Vi ser himmelen spegla i våre barns blikk. Men det er kanskje vanskelegare å sjå Gud igjen i våre kvardagar. Også her vert vi utfordra til å sjå og gjenkjenne Guds ansikt; i nesten vår. I ho som sit i kassa på daglegvarebutikken, i han som er så sint i fergekøen, i den innestengte tenåringen. Der er Guds ansikt, om det så er skjult for oss.

Ordspråka vi las er påfallande klare på kva som bygger og kva som bryt ned omsorg:

Det som bryt ned er:
- Å forakte sin neste
- Fare med løgn og svik
- Undertrykke andre

Dette er handlingar og haldningar som håner Gud og nesten vår.

Det som tilfører varme, bygger og fører saman er:
- Vise medynk til fattige
- Vise godheit og ha godt i sinne
- Fremme sannheit
- Hjelpe fattige til sin rett.

Kva lys kaster dette på oss? Kva kjenner vi igjen?

Eg ser ofte menneske som viser medynk med fattige, fremmer sannheit, viser godheit, har godt i sinne. Dette er det mest av, for verda er Guds verd. Guds kjærleik og skaparkraft lyser gjennom som ei god kraft i verda. Om ikkje det var slik, hadde vi allereie øydelagt kvarandre. Kjærleik og tillit, Barnet sine vakre kreftene, bær vårt liv. Tru, håp og kjærleik, og størst av dei er kjærleiken.

Teologen og filosofen K. E. Løgstrup seier at når vi møter eit anna menneske, så betyr det noko korleis vi møter det. Vi må møte det med tillit, vennligheit og omsorg, for som han seier:
«Når du møter eit anna menneske, så er det etiske kravet til deg: at du har den andres liv i din hand» ( Den etiske fordring)

« Vi bær kvarandres liv i hendene» Det er vakker, ansvarsfullt og nesten skræmande.For vi veit at vi ikkje alltid klare å halde like godt, av og til mister vi grepet, vi svikar, baktaler, og gjer til og med det som er vondt.

Førre laurdag kunne vi lese i avisa om born som vaks opp her mellom oss, som ikkje hadde det godt. Dei som var kalla til omsorg for borna makta det ikkje og røva frå dei barndomen og tillita si gåve. Det som var verst for borna, var at folk visste, - og dei opplevde at ingen hjalp dei. Eg skal ikkje uttale meg om erstatning eller jus, – eg trur at folk også prøvde å hjelpe så godt dei evna, men det rakk ikkje. Denne sak reiser ein spegelen frå Ordspråka: om å vise godheit, fremme sanning, ha godt i sinne, hjelpe fattige og svake til si rett.

I Ulstein har av verdast sværaste båtar, vi vinn alle slags kåringar, spring i verdas beste idrettsanlegg, og gjev borna våre har alle mogelegheiter. Lovverket og det offentleg sine ordningar bunkrar og vernar om våre liv - og alt dette er gode ordningar som vi må ta vare på, og takke for. Men same kor gode ordningar vi har, eller kor mange prisar vi vinn: – dei tek ikkje ifrå oss vårt moralske ansvar. For urett og overgrep har skjedd, og det skjer framleis, også i dag bak kanskje litt finare fasader. Born, unge og vaksne treng framleis hjelp, også til det dei ikkje har ord for å seie ifrå om. Jesus kallar oss til å leve barmhjertigheit. Dåpslyset og dåpskluten minner oss om å halde fram med å tenne lys, dekke bord, vise barmhjertigheit, ha ein plass for ein som treng akkurat ditt blikk for å rette ryggen.. For vi kan ikkje berre gli forbi.

Jaa9 og Onkl P fortel tidsriktig om korleis det kan opplevast å leve utanfor:
«Du ser dem har hus, du ser dem har bil
Du ser dem bare glir forbi
Du kan se de har jobb og at de aldri har fri
Du ser dem bare glir forbi
Du ser dem har kids, du kan se dem ha et liv
Du kan se dem bare glir forbi»

«Glir forbi»- songen surra på radio og minte meg om Ordspråka, men også historia om den barmhjertige Samaritan ( Lukas 10, 25-37). Dei høge herrar som berre sklei forbi, travle og på sin veg til noko viktig, til sine eigne prosjekt. Og medan dei sklei forbi, så mista dei det viktigaste: blikket til den forslåtte røvaren.

«Dont just talk the talk, walk the talk» er eit utrykk mange brukar for kva det vil seie å tru: Gode intensjonar og fromme bøner må følgast opp av handlingar. I møte med den andre, har du den sitt liv i handa di.

Ingen av oss klarer leve fullstendig opp til krava i Ordspåka. Ofte mister vi taket eller vi berre sklir vi forbi. Difor er det på vegne av oss, og på vegne av mange, vi kvar gudsteneste knelar ned og vedkjenner oss skuld for det ansvaret vi let gå forbi oss. Syndvedkjenning er eit rart lite forståeleg ritual som ikkje tek av på Facebook, men det er ein av kyrkjas sine verkeleg skattar: det er å snakke sant om det som vi har gjort vondt, og la det få møte Guds kjærleik – slik at det kan forvandlast, forlatast og heilast. For vi treng alle å få nye startstrekar, tilgjeving og nye moglegheiter for at tillit og kjærleik kan fylle våre liv og handlingar igjen.

Kanskje kjenner du deg mest forslått og forlatt som røvaren i grøfta. Eller du har berre glidd forbi så lenge, at det er heilt naturleg. Det er slik det er, - her er ingen som er perfekt, det er heller ikkje forventa. For her inne, tenner vi dåpslys og deler ut dåpsklutar. Her dekker vi bord, og deler ut brød og vin. Til omsorg, til heling, til nye startstrekar, til kamp for rettferd og sanning, til alle menneske si verdighet, vern og rett til eit godt liv.

Limet i fellesskapen er ikkje kor perfekte vi klare å vere. Limet, lyset og kjærleiken i fellesskapet er forankra i Jesus. Han som klarer leve opp til krava i Ordspråka og viser medynk, løfter opp dei svake og utstøtte, kan tilgje personleg og kollektiv skuld, og som ikkje er redd for det som er sant. Fordi han veit at det å bli sett og møtt med kjærleik, det er det som verkeleg endrar oss.

Dåpslyset og dåpskluten på alteret, bord dekka med nåde for tomme hender.

Lyset i ansiktet til neste din.

Ein Gud som stoppar opp. Møter vårt blikk.

Ein Gud som ikkje berre glir forbi.

Ære være Faderen og Sonen og Den heilage Ande som var er og vere skal, ein sann Gud frå Æve og til Æve. Amen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"