Samtale og sjelesorg

Samtale og sjelesorg er ei viktig teneste for kyrkja. Prestane, diakonen, kateketen og barne og ungdomsarbeidaren har mange samtaler med menneske i løpet av eit år. Desse samtalen har ulik karakter og vi kyrkjeleg tilsette har teieplikt. Prestar og diakonen har jamlege samtaler som er gratis og under full teieplikt.

Samtale og sjelesorg

Sjelesorg er kyrkja si omsorgteneste for det enkelte mennesket, og kvart menneske vert møtt med empati, kjærleik og respekt. Sjelesorg og samtale kan vere behovet for å fortelje si livshistorie til nokon som vil lytte utanfor vennekrinsen eller familien. Det kan vere å aktivt arbeide med tema som barndom, personleg vekst og retning i livet, eller om tema som sorg, utfordrande relasjonar, samlivsbrot, sjukdom, overgrep. Nokre henvender seg for at dei vil skrifte, eller vil bli bedt for og/eller salva. Åndeleg vegleiing er også vorte meir i vinden den siste tida. Ta kontakt med kva du ønsker, så prøver vi finne ein god veg å vandre saman.

«Å vere prest handler om å legge til rette for møter mellom Guds hjerte og menneske si sjel»

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"