Praktiske førebuingar

Praktiske førebuingar

Når kan ein bli døypt?

Dåp i Ulstein sokn er ope for alle, uansett alder. Da Ulstein sokn er del av Den norske kyrkje og er del av den Lutherske tradisjonen så døyper vi born oftast kort tid etter dei er fødd. Dette blir då gjort i ein gudsteneste. Viss ein ikkje er døypt og ønskjer å bli døypt som ungdom eller vaksen er ein hjarteleg velkommen til det. Vi døyper ungdommar, konfirmantar og vaksne. Dåp av ungdommar og vaksne kan gjerast i dei ordinære gudstenestene, men det kan og gjerast i anna form utanfor gudstenesta.

Er ein medlem av eit trussamfunn innan ei anna religion, og ønskjer å konvertere og bli døypt i den kristne kyrkje så er det og høve for det hos oss. Ta da kontakt med diakonen for å avtale samtale og organisering av dåp.

Dersom du ønskjer dåp for ditt barn, eller ønskjer å bli døypt sjølv så fyller du ut skjema på denne sida.

Dåp = medlemskap i Den norske kyrkje

Ved dåpen blir barnet medlem av den norske kyrkje. Å være medlem av den norske kyrkje betyr at ein resten av livet har rett til kyrkjelege handlingar vederlagsfritt der han/ho har bustadsadresse. Som medlem får ein også invitasjon til å delta i trusopplæringstiltaka som kyrkja tilbyr frå ein er 0-18 år. Disse ulike aktivitetane er blant anna babysong, 4årsbok, dåpsklubb for 6 åringar, leirar, konfirmasjonsundervisning mm.

Noen praktiske opplysningar kring dåpshandlinga

Nederst på denne sida finn du dåpsliturgien som nyttast ved dåp i Ulstein kyrkje.

I denne liturgien er det tre avsnitt med understreka tekst. Dette er tekster nokon frå dåpsfylgje eller familien gjerne må lese i gudstenesta. For utanom lesing av tekst kan gjerne familien bidra med song eller musikk, og sysken eller andre kan gjere mindre oppgåver som å ta av dåpshua, tørke barnets hovud eller bere dåpslyset. På denne måten kan dåpshandlinga bli nærare og meir personleg.

Dåpsbarnet må ha minst to fadrar som må være tilstades som vitne under dåpen. Fadrane må ha fylt 15 år og være medlem av Den norske kyrkje eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen.

I Ulstein sokn har vi dåpssamlingar ein gong i månaden. Her blir dei som skal ha dåp i gudstenestane fram til neste dåpssamling invitert. Her blir det gitt informasjon om sjølve dåpshandlinga, grunnlaget for dåp og informasjon om trusopplæring i kyrkjelyden.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"