Dåp

Dåpen er Guds gåve. Det er ei ja-handling. Og først og fremst er det Gud som seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til oss. Gud elskar alle, alltid og utan atterhald.

Og foreldre og fadrar seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal høyre til kyrkja og vekse opp med den kristne trua. De seier ja til å lære barnet om trua og kva trua har å seie for livet. Men dette står de ikkje åleine om. For kyrkja seier òg ja. Når barnet blir døypt, blir det medlem i Den norske kyrkja og ein del av fellesskapet i kyrkjelyden der de bur.

Barnet vil jamleg få tilbod om å lære meir om kyrkja og trua, tilpassa alderen gjennom dei ulike trusopplæringstilboda kyrkjelyden har. Kyrkja seier ja til å inkludere barnet dykkar i trygge og gode aktivitetar der det blir kjent med Gud, seg sjølv og andre.

Dåp i kyrkjene Stranda og Fjord kommunar: Ønskjer de dåp i Sylte kyrkje, så vel de Norddal sokn. Andre kyrkjer har same namn som soknet. Presten kontaktar dykk for dåpssamtale når dåpsdagen nærmar seg. Om de ikkje bur i soknet, så kontakt prest der de bur for dåpssamtale Husk å melde inn minimum to fadrar.