Utvalet vart oppretta av Askvoll sokneråd i 2026 gjennom ei samanslåing av dei to tidlegare utvala for trusopplæring og kyrkjemusikk. Målet er å sikre betre samordning, sterkare fagleg utvikling og eit levande og heilskapleg kyrkjelydsliv.
Utvalet har ansvar for å planleggje, utvikle og følgje opp arbeidet innan læring, undervisning og musikk, og skal bidra til samanheng, kvalitet og god ressursbruk i heile soknet.
Kantor Sabina Baylarbayova har det daglege fagansvaret for heile fagområdet utvalet arbeider med og er fast sekretær i utvalet.
Lenkje til aktivitetsplanar ligg nedst på sida.
Læring, undervisning og musikk i kyrkjelyden
Lærings-, undervisnings- og musikkutvalet (LUM) har eit heilskapleg ansvar for kyrkja sitt arbeid med læring, undervisning og musikk i Askvoll sokn. Arbeidet skal omfatte eit tilbod til alle aldersgrupper.
Publisert:
