Startskot for LUM-utvalet i Askvoll
Det nyoppretta LUM-utvalet i Askvoll sokn hadde denne veka sitt første møte. Med det er eit nytt steg teke i arbeidet for å samle og styrkje satsinga på læring, undervisning og musikk i kyrkjelyden. LUM står for læring, undervisning og musikk, og utvalet tek over oppgåvene til det tidlegare kyrkjemusikkutvalet og trusopplæringsutvalet. Bakgrunnen for omlegginga er mellom anna at kantor Sabina Baylarbayova frå 1. juni gjekk inn i ei 100 prosent stilling med fagansvar for begge desse områda. Ho er også fast sekretær for det nye utvalet.
Les meir








