På det konstituerande møtet vart Rune Ziener vald til leiar, med Oddgunn K. Grane som nestleiar. Utvalet er no i gang med arbeidet, og allereie på første møte vart det lagt fram forslag til aktivitetsplan for kyrkjemusikk og trusopplæring hausten 2026. Denne planen skal vidare handsamast og godkjennast av soknerådet.
Målet med LUM-utvalet er å skape betre samanheng mellom dei ulike aktivitetane i kyrkja, og å leggje til rette for eit heilskapleg og utviklande arbeid innan både undervisning og musikk. Ved å samle desse fagområda i eitt utval, ønskjer ein å styrkje samarbeidet og utnytte ressursane betre.
