Søndagstankar 22 juni: Spørrande tru

Kan vi nærme oss trua på Gud ved å stille spørsmål?

Publisert:

Søndagstankar 22 juni: Spørrande tru

Sokrates (470 – 399 f.Kr) er rekna som grunnleggaren av den filosofiske tenkemåten vi kjenner i dag. Han var ein person som mange oppfatta som plagsom, fordi han aldri gav seg med å stille spørsmål. Han skal ha uttalt at «Den klokaste av alle er den som veit at han ikkje veit svaret på alt.» Då han stilte spørsmål var det både for å søke kunnskap, men også for å avdekke at dei som trudde dei hadde svar på alt, eigentleg ikkje hadde det. Dialogen og samtalen vart også av eleven hans, Platon sett på som den viktigaste metoden for å kome fram til kunnskap og visdom. Berre i møte med andre kunne ein kome nærare sanninga.

Då Johannes skriv sitt evangelium, er det for å forklare kristendom for grekarar og romarar som hadde vakse opp med denne filosofiske metoden. Samtalen i dagens bibeltekst har elementer frå ein slik filosofisk dialog. Den kloke rådsherren Nikodemus er nysgjerrig på Jesus og hans lære. Men han tør ikkje vise det opent på dagtid. Han kjem til Jesus på natta og stiller mange spørsmål. Spørsmåla er enkle, nestan barnlege i formen. Men gjennom spørsmåla vert det klarare for lesaren kva Jesus vil formidle.

Nikodemus kunne som farisear og rådsherre dei jødiske skriftene på rams. Han hadde nok levd eit godt liv, og hadde nådd høgt i karriera si. Men alt dette verkar det ikkje som Jesus let seg imponere av. Han går så langt som å seie at Nikodemus må verte heilt forvandla, fødd på ny, av vatn og Ande.

Kva betyr det? Dei kristne tolka dette i lys av dåpen. I Guds rike spelar det inga rolle kva slags posisjon du har. Her er alle invitert til å bli fødd på ny; å bli Guds barn i dåpen.

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"