Vartdal kyrkje
Vartdal kyrkje ligg vakkert, men verutsett til heilt nede ved fjorden på Nordre Vartdal. Ho er ei langkyrkje i tre, vigsla den 8. april 1877, med plass til omlag 250 personar.
Korveggane er måla av Jonas Peson og viser blant ann Jesus på krossen, Jesus som den gode hyrding og Jesus som kaller læresveinane. På sørveggen heng den gamle altertavla frå 1907, måla av Lars Kinsarvik. I 2015 fekk kyrkja nytt orgel med 19 stemmer, bygd av Dietrich Johannes Buder.
Aktivitet i soknet
I soknet er det gudsteneste omlag kvar tredje søndag og fleire av høgtidsdagane. Kyrkjelyden driv eit utstrakt arbeid innen kyrkjeleg undervisning. Det er mellom anna utdeling av bok til 4-åringar og 6-åringar, kyrkjekino for 5-åringar, tårnagenthelg for 8-åringar, overnatting i kyrkja for 10-åringar og konfirmasjon for 14-åringar.
Barnekoret PopKORn øver i kyrkja kvar måndag.
Les meir om dei ulike aktivitetane her.
Kalender med gudstenester og anna aktivitet i alle sokna finn du her.