Ørsta sokn

Ørsta sokn er det mest folkerike soknet i Ørsta. Soknet strekk seg frå Rjånes og Liadal i nord, via sentrum til Hovdebygda, Digernes og Steinnes i vest, Follestadalen i øst og Åmdalen, Hovdenakken og Bjørdal i sør. I 2024 var det 7346 medlemmer i soknet.

Publisert:

Ørsta sokn

Ørsta kyrkje

Ørsta kyrkje er ei langkyrkja i tre frå 1864 med plass til omlag 350 personar. Kyrkja ligg sentralt og vakkert til midt i Ørsta med gravplass rundt kyrkja. Kyrkja er bygd omlag på same staden som det tidlgare stod ei stavkyrkje. Denne vart riven då noverande kyrkja vart bygd.

Frå gamlekyrkja har vi mellom anna det flotte altarskapet frå 1500-talet, nattverdskalk og disk samt eit epitafium over lensmann og kirkeverge Knud Wiig, kona Ragnhelde Abelseth og familien.

Interiøret i kyrkja vart måla av Lars Kinsarvik med assistentar i 1907, medan Oddvar Straume laga glasmaleri til kyrkja i 1958. Orgelet i kyrkja er eit Vestreorgel med 26 stemmer, bygd i 1937 og restaurert i 1964.

Aktivitet i soknet

I soknet er det gudsteneste kvar søndag og på dei fleste høgtidsdagar. Det er også morognmesse med nattverd kvar første onsdag i månaden. Kyrkjelyden driv eit utstrakt arbeid innen kyrkjeleg undervisning. Det er mellom anna utdeling av bok til 4-åringar og 6-åringar, kyrkjekino for 5-åringar, tårnagenthelg for 8-åringar, overnatting i kyrkja for 10-åringar og konfirmasjon for 14-åringar.

Barnekora GLØD og MiniGLØD øver på Ørsta bedehus kvar torsdag, medan Ørsta kyrkjekor øver i kyrkja kvar onsdag. 

Kvar torsdag er det språkkafe i Vikegata 5.

Les meir om dei ulike aktivitetane her.

Kalender med gudstenester og anna aktivitet i alle sokna finn du her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"