Skaparverkdagen 25.mai ved Bondalseidet sportskapell

Det er mange gode grunnar til å legge søndagsføremiddagen den 25.mai til Bondalseidet sportskapell. Denne søndagen går nemleg frikyrkjelydane i Ørsta og Volda, Ørsta Indremisjon og kyrkjelydane i Den norske kyrkja på Sæbø og i Ørsta saman for å markere «Skaparverkdagen».

Sommarblomar

 

Har du lyst til å kombinere ein vårdag ute med å feire gudsteneste? Er du oppteken av naturen og alt det vakre rundt oss? Er du glad i å synge eller lytte til andre som syng?

Det er i alle fall nokre gode grunnar til å legge søndagsføremiddagen den 25.mai til Bondalseidet sportskapell. Denne søndagen går nemleg frikyrkjelydane i Ørsta og Volda, Ørsta Indremisjon og kyrkjelydane i Den norske kyrkja på Sæbø og i Ørsta saman for å markere «Skaparverkdagen

Mange kristne, frå alle slags kyrkjesamfunn, har dei siste åra gjenoppdaga kor viktig skapartanken er for kristen tru: Gud har skapt verda og alt som er i henne. Menneska er på ein særleg måte skapte i Guds bilete. Vi har ikkje fått i oppgåve å forbruke og utnytte alle ressursane på jorda, nei, vi har fått i oppgåve å forvalte Guds gode gåver til beste for kvarandre og for verda vår. Denne søndagen legg vi særleg vekt på dette i denne felles gudstenesta - og kva passar vel betre enn å då vere ute i naturen?

Gudstenesta tek til kl 11.00 ved sportskapellet på Bondalseidet.. Dette er ei gudsteneste for store og små, med sommarsalmar og barnesongar, med tekstar om skaparverket og Skaparen, med bøn for jorda og verda vår og med høve til å gje ei gåve til Kirkens Nødhjelp sitt livsviktige arbeid for reint vatn. 

Ta gjerne med nistekorg og eigen kopp, kyrkjelydane stiller med kaffi, saft og kake etter gudstenesta. Det kan også vere lurt å ta med seg noko å sitje på. (Vert det dårleg ver denne søndagen, vert gudstenesta inne på sportskapellet.)

Vel møtt til Skaparverkdagen på Bondalseidet!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"