Kyrkjelyden si misjonsmessse nærmar seg!

No er det berre to veker att til Ørsta kyrkjelyd si førjulsmesse: Velkommen til Ørsta kulturhus laurdag 8.november! Kanskje har du høve til å gi gevinstar?

Publisert:

Gudny Fagerhol har strikka - og gjev rundhanda.
Gudny Fagerhol har strikka - og gjev rundhanda.

Også i år vert Kyrkjelyden si misjonsmessa prega av NMS sitt arbeid i Thailand. Med mål om å gje born og unge i slummen utanfor Bangkok ein betre kvardag er det at vi samlast og tek lodd, høyrer barnekoret synge, et kaker og anna - og får utvide horisonten vår!

I år får vi også besøk av Cecilie Arne Drøpping. Dette er eit misjonsengsjert  par som blant anna reiser rundt på messer og arrangementer med flott handarbeid som Cecile lagar. Inntekta går til NMS, i Ørsta vil inntekta bli delt på misjonsprosjektet og NMS. Du kan sjekke ut handarbeidet på facebooksida https://www.facebook.com/bergfruaslapper 

Kyrkjelyden si misjonsmesse er ein kjekk stad å møtast og vere i lag, samstundes som vi er med på å gjere verda litt betre! Vel møtt laurdag 8. november på kulturhuset!

Dokkeklede og gevinstar?

Ein av gevinstane er ei dokke som gjerne skulle hatt litt klede. Dokka er 43 cm. Vi håper nokon har høve til å strikke, hekle eller sy klede som kan følge med. Det er også behov for små og store gevinster.  Desse kan leverast på kyrkjekontoret.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"