Fasteaksjonen - flott resultat!

Det vart eit flott resultat på årets Fasteaksjon i Ørsta. Foreløpige tal viser at konfirmantar og føresette har samla inn over 150000 kroner til Kirkens Nødhjelp sitt svært viktige arbeid over heile verda.

Publisert:

Fasteaksjonen - flott resultat!

Det var svært godt oppmøte av både konfirmantar og føresette noko som gjorde at vi denne gongen fekk dekt så godt som alle innsamlingsrodene i  Ørsta. Givergleda var stor og bøsseberarane heldt humøret oppe til trass for surt vær og mykje nedbør.

Kirkens Nødhjelp er kyrkjene i Noreg og i Ørsta samarbeider vi med Ørsta frikyrkje om aksjonen. Saman med Ørsta frikyrkja sender vi ei stor takk til konfirmantar, føresette og alle frivillige som var med før, under og etter aksjonen.

Ein stor takk også til Rema 1000 Ørsta, Kiwi Vallabøen og Eurospar Ørsta som sponsa aksjonen med diverse matvarer som bøsseberarane kunne gle seg over då dei kom inn i varmen etter fullført innsamling.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"