Fastetidskveld 4.mars: "Himmelvendt": musikk, poesi og salmesus - ei konsertoppleving i ord og tonar

Onsdag 4.mars kl.19.30 ynskjer vi velkomen til ei heilt spesiell konsertoppleving i Ørsta kyrkje. Konserten er ein del av Ørsta sokn sitt fastetidsprogram og visitasprogram. Etter konserten blir det kveldsmat i kyrkjekjellaren.

Publisert:

Fastetidskveld 4.mars: "Himmelvendt": musikk, poesi og salmesus - ei konsertoppleving i ord og tonar
Denne onsdagskvelden får du lytte til musikk og poesi. Du får høyre musikk med høg kvalitet når kyrkjemusikarane Marie Austrheim Riise og John Inge Bjøringsøy improviserar og framfører både folketonar, salmar og viser.
 
Anne Velle Rishaug vil lese dikt av Erik Bye, Bente Bratlund og Inger Hagerup for å nemne nokre forfattarar. Vi får også høyre Kirsten Ragnhild Grimstad - song, og Leiv Arne Nydal - fele, samt Ørsta kyrkjekor. Vi får høyre musikk av komponist Torbjørn Dyrud, Marie A. Riise, visesongaren Olle Adolphson og ikkje minst: musikk med tekster av Jon Fosse, Gunvor Hofmo og Erik Bye m.fl.
 
Både musikk og tekst vil gli saumlaust over i kvarandre. Vi ynskjer å gje publikum eit rom og ei indre ro til å berre lytte og å vere, og slik skape eit rom for tankar, kreativitet, draumar og håp. Kanskje kan denne kvelden opne noko i oss der tid, rom og liv glir over i kvarandre?
 
Velkomen til ein heilt spesiell konsert i Ørsta kyrkje, onsdag 4.mars kl.19.30.
 
Marie Austrheim Riise - klaver og orgel
John Inge Bjøringsøy - Klaver og orgel
Kirsten R. Grimstad - song
Leiv Arne Nydal - fele
Anne Velle Rishaug - diktlesing
Ørsta kyrkjekor
 
Gratis inngong, kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid. Konserten er ein del av Ørsta sokn sitt fastetidsprogram og visitasprogram. Etter konserten blir det kveldsmat i kyrkjekjellaren.
 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"