I 2025 er det 1700 år sidan det første kyrkjemøtet i Nikea, der ein vart samde om den felleskristne Nikenske truvedkjenninga - Nikenum. Jubileet vert markert over heile verda, og i Noreg har dette økumeniske jubileumsåret fått overskrifta «Vi tror». Truvedkjenninga er eit uttrykk for vår felles kristne tru, samstundes som kvar einskild tek del i vedkjenninga med sin eigen stemme. I jubileumsåret 2025 vil vi gjere synleg både dette dypt personlege, og det at vi står saman.
Det vert ikkje gudsteneste i Ørsta kyrkje denne dagen.
