7-åringane (i 2025: 2018-kullet) i Ørsta sokn vert invitert til dette tiltaket første helga i advent 2025. Samlingane er sjølvsagt også opne for dei som ikkje er medlem i Den norske kyrkja!
Første samlinga har vi kalla "Lyset": Her skal vi ha ein liten juleverkstad laurdag 29.november kl 11-13, høyre ei forteljing om eit stort lys, og vi øvar til Lysmessa i Ørsta kyrkje søndag 30.november kl. 18. Her blir 7-åringane med, saman med barnekoret GLØD, på ei spesiell og stemningsfull gudsteneste.)
Før palmesøndag vert borna i 2018-kullet i Ørsta invitert til ei påskesamling, som vi har kalla "Livet." Her får vi høyre meir om det som hende i påska, vi lagar påskepynt og øvar på nokre songar til gudstenesta på palmesøndag.
