I Hjørundfjord sokn blir det Lys vaken 15.-16. november 2025. Vi sender invitasjon i posten til alle medlemmer i Den norske kyrkja i 2014 og 2015-kullet (5. og 6.klassingar). Dersom ein ikkje er medlem, men ønsker å delta, kan ein kontakte oss.
Vi inviterer til eit kjekt opplegg i kyrkja: Vi utforskar kyrkja, romma og kunsten der, vi skal ha ulike aktivitetar og vi skal ete god mat. Når kvelden kjem, gjer vi oss klare til å overnatte i kyrkja! Morgonen etter vert det frukost og litt øving, før vi deltek i familiegudstenesta kl.11.
Det går an å vere med på Lys vaken og sove heime, om ein ønskjer det.
Vi sender invitasjon i posten til 2014 og 2015-kullet i Hjørundfjord i veke 44.
I Ørsta sokn vert det Lys vaken for 2015-kullet i januar 2026!
