Velkommen som konfirmant 2026/27

Velkommen til konfirmantåret 2026/27! Her kan du lese meir om konfirmantopplegget vårt. Frå juni 2026 kan du melde deg på som konfirmant 2027 her.

Det er konfirmasjon i kirken. En gutt som smiler  i konfirmantkappe.

Informasjon og påmelding til konfirmantåret 2026/27!

Påmeldinga til konfirmantåret 2026/27 opnar i byrjinga av juni 2026. Når påmeldinga opnar, finn du lenke til påmeldingsskjema her. Då kan du logge inn og fylle ut påmeldingsskjemaet. Dette må ein gjere saman med foreldre/føresette. Datoar for sjølve konfirmasjonen finn du i lenka nedst på  sida.

Vi sender snart ut invitasjon i posten til konfirmasjon til alle medlemmer som er fødde i 2012. Ein er sjølvsagt velkommen til konfirmasjonstida sjølv om du ikkje er medlem enno. Ein kan gjerne ta kontakt med oss for ein prat om konfirmasjon.

Korleis ser konfirmantopplegget vårt ut?

I konfirmasjonstida er du med på:
- Informasjonsmøte i juni
- Avspark
- Presentasjonsgudsteneste
- Undervisningssamlingar knytt til
ulike tema
- Leir på Sunnmøre folkehøgskule i
Ulsteinvik
- Fasteaksjon
- Deltaking i gudstenester
- Konfirmasjonsdagen

Alle kan bli konfirmant i kyrkja! Velkommen uansett om du trur, ikkje trur eller er litt usikker. Det einaste kravet er at du er døypt innan konfirmasjonsdagen. Om du ikkje er døypt frå før, er det ikkje noko problem. Mange blir døypt i løpet av tida som konfirmant.

Kyrkja er eit mangfaldig fellesskap, og vi ønskjer at alle skal få ei god konfirmasjonstid. Om det er behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt.

Informasjonsmøter om konfirmantåret

I løpet av dei første vekene i juni inviterer vi til informasjonsmøte om konfirmantopplegget vårt i kyrkjene. Her får både neste års konfirmantar og føresette vite litt meir om det å vere konfirmant i kyrkjene i Ørsta. På informasjonsmøtet får ein vite meir om datoar, opplegg og gruppeinndeling. Vi presenterer også nettsida vi brukar som informasjonskanal til føresette. Fleire av dei tilsette i kyrkja er på plass for å svare på spørsmål om konfirmasjon og konfirmanttid. Du kan sjølvsagt kome sjølv om du ikkje er sikker på om du vil konfirmere deg, men gjerne vil vite meir om det.

Ørsta: Tidspunkt for møter kjem!
Hjørundfjord:  Tidspunkt for møte kjem!
Vartdal: Tidspunkt for møte kjem!

 

(Du kan finne detaljert informasjon om konfirmantopplegget vår for året 2025/26 her. Det kan bli endringar på opplegget til konfirmantåret 2026/27. )

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"